Vi søker ein dyktig installatør/prosjektleiar til ei sentral rolle i Østerbø Solutions. Fokus på Elsikkerheitsarbeid, samtidig som du har di portefølje med prosjekt i kvardagen.
Vil du bli med på laget på laget og bidra til vidare utvikling og vekst i Nordhordland og Ytre Sogn? Hos oss får du høve til å påverke retninga på elektrosatsinga vår og bidra til å levere litande løysingar til kundar innan industri, havbruk og offentleg sektor.
Kva skal du jobbe med
Ivaretakelse av elektroinstallatør oppgåver, godkjenning av planar og gjennomførte elektroinstallasjoner for lokasjon Frekhaug. Sakshandsaminga varierer, men faste driftsmøter og erfaringsutveksling bidreg til god fagleg standard i selskapet
Du leiar og føl opp tverrfaglege prosjekt frå start til slutt. Her kombinerer du prosjektering, prosjektleiing og tett kundedialog.
Arbeidsoppgåvene dine blir blant anna:
- Kompetansevurdering, vere pådrivar og ansvarleg for elsikkerheitsarbeidet, og ivareta vårt ansvar i FEK og andre relevante lover og forskrifter.
- Samsvarsvurderingar og samsvarserklæring.
- Prosjektering og leiing av selde prosjekt.
- Dialog og avklaringar med kundar og samarbeidspartnarar.
- Utarbeiding av dokumentasjon og FDV.
- Sakshandsaming og støtte i dagleg drift.
- Oppfølging ute i felt – du er hands-on.
- Kvalitetssikring av leveransar – med fokus på litande løysingar.
Kven er du?
Vi ser etter deg som
- Er utdanna Installatør
- Har relevant utdanning frå elektro, automasjon, maskin eller maritim teknikk (ingeniør/fagskule)
- Har erfaring med prosjektleiing eller teknisk saksbehandling
- Har tverrfagleg forståing og trivst med å samarbeide på tvers
- Likar ansvar, jobbar strukturert – men evnar også å snu deg raskt
- Kommuniserer godt på både norsk og engelsk
Kvifor velje oss?
Vi legg vekt på fagleg stoltheit, kvalitet og utvikling. Her blir du ikkje ein i mengda – men ein som faktisk er med og påverkar.
Du får:
- Eit sterkt tverrfagleg miljø og korte beslutningsvegar
- Moglegheit til å forme di eiga rolle
- Ein kvardag med ansvar, variasjon og praktisk arbeid
- Konkurransedyktige vilkår
- Eit solid selskap i vekst, med røter i lokalmiljøet – og blikket framover
- 100 % fast stilling
- Arbeidsstad Sløvåg eller Frekhaug – det som passar deg best
Vi kallar det litande løysingar.
Det gjeld ikkje berre for kundane – det gjeld for dei som jobbar her òg.
Kontakt oss
Klar til å ta steget?
Send oss ein kort søknad – eller ta ein uformell prat først. Vi ser fram til å høyre frå deg.
Send søknad og cv til: linda@osterbo.no
Søknadsfrist: 5.januar 2026, søknader blir vurdert fortløpande

Om Østerbø Solutions
Østerbø Solutions har snart 50 års erfaring frå mellom anna nasjonale leveransar av reservekraft og rørsystem, og er ein betydeleg regional aktør på elektro og automasjon. Vi er stolte over å levere litande løysingar til kundar innan akvakultur, industri og det offentlege.
Selskapet har i dag ca 65 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Vi har hovudkontor på Østerbø og avdelingar på Frekhaug, Mongstad og Sløvåg. Velkommen med på laget!
