Ledig stilling: Serviceteknikar reservekraft

28. juni 2024

Ledig stilling: Serviceteknikar reservekraft

Vil du bli med oss og gi Noreg sikker strømforsyning?

No har du moglegheita til å bli med på laget til ein av Noregs største og fremste leverandørar på nødstraum og reservekraft. Østerbø leverer generatorløysingar og hybride system frå HIMOINSA.
På grunn av aukande oppdragsmengde og store ordrereservar søkjer me ein serviceinnstilt og ansvarleg person til reservekraftteamet vårt i Sløvåg.

Arbeidsoppgåver

Arbeidet er variert og vil fordele seg mellom installasjon av reservekraftløysingar og serviceoppdrag. Vi har strømaggregat i drift i heile Noreg og jakter ein serviceteknikar med høg tverrfagleg kompetanse.

Arbeidsoppgåver vil vere:

  • Serviceoppdrag
    • Planlagt vedlikehald
    • Reparasjonar, feilsøking og feilretting
  • Montasje og oppstart av reservekraftanlegg, herunder:
    • Installasjon av reservekraftløysingar
    • Fabrikasjon, isolering og installasjon av eksossystem.
    • Rørlegging og installasjon av diesel tanksystem.
    • Fabrikasjon og installasjon av kanalar og føringsvegar for ventilasjon
    • Oppstart og test
    • Opplæring og overlevering
  • Dokumentasjon og rapportering
  • Kundekontakt og generell support
Eksos og kapsling

«Litande løysing» er Østerbø Solutions sitt slagord. Dette jobbar vi kvar dag med å oppnå i det vi gjer og ligg til grunn for alt arbeid me utfører.

Sørvis med stor Ø

Vi tilbyr

Vi tilbyr deg 100% fast stilling med konkurransedyktig løn.

  • Oppmøteplass Sløvåg, stor reiseverksemd må påreknast
  • Spennande stilling i ei avdeling i vekst.
  • Gode pensjonsordningar
  • Eit godt arbeidsmiljø, fagleg og sosialt
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Gode betingelsar ved reiseoppdrag
  • Fleksible reise- og friordningar

Vi har trua på eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling. Stillinga inngår i mogleg kommande vaktordning.

Lager og logistikk medarbeidar
Servicetekniker

Kvalifikasjonar

  • Ynskeleg utdanning:
    • Mekaniske fag som industrimekanikar / landbruksmaskinmekanikar
    • Automatikar, elektromontør
    • Tverrfagleg kompetanse blir vektlagt
    • Erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Høgare utdanning på fag eller høgskulenivå vil bli vektlagt
  • Førarkort kl B
  • Du beherskar norsk flytande, skriftleg og munnleg. Det er eit pluss om du beherskar engelsk i tillegg.

    Meir informasjon og søknad

    For meir informasjon eller spørsmål om jobben kontaktar du:

    Magne Halland

    Magne Halland

    Leiar reservekraft

    Sløvåg

    M: +47 48 16 17 08

    E: magne@osterbo.no

     

    Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no innan 1. august 2024
    Søkjarar vil bli vurdert fortløpande.

    Østerbø Solutions AS

    Vi har straumaggregat i drift i heile Noreg og per i dag om lag 350 aktive serviceavtalar. Årleg utfører vi 50 montasjar av reservekraftinstallasjonar, og i 2023 omsette vi for over 160 mill. NOK. Reservekraftteamet er tverrfagleg og følgjer kundane heile vegen frå sal via prosjektering, montering og installasjon til service og ettermarknad. Østerbø Solutions leverer straumaggregat i størrelse 6 – 2000 kilowatt.

    Østerbø Solutions har i snart 50 år jobba for å vere ein leiande leverandør av sikker straumforsyning og smarte løysingar til kundar innan havbruk, industri og offentleg.

    Bedrifta har i dag omlag 65 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Vi har avdelingar på Sløvåg, Frekhaug, Mongstad, Østerbø og er ein del av Østerbø Gruppa. Velkommen med på laget.

     

    Himoinsalogo