Litande løysing
Østerbø er kjend for å levere litande løysingar til kundar i heile landet.
Men kva legg vi eigentleg i dette begrepet? Litande løysing er eit begrep brukt for å omtale ei påliteleg løysing Eit resultat, ei praktisk ordning, ein måte å gjere noko på som er påliteleg og til å stole på.


Korleis jobbar vi for å nå dette?
I botn for arbeidet vi gjer ligg fire kjerneverdiar som seier litt om korleis vi jobbar oss i mellom og mot deg som kunde for å kvar dag levere litande løysingar.
Engasjert
Med engasjert meinar vi å «vere på», bry seg
Vi kjem med innspel, viser interesse og er løysingsorienterte
Dette er måten vi arbeider på
Lojal
Med lojal meinar vi at vi er til å stole på og dette gir oss eit tydeleg «VI» meir enn «EG»
Respekt
Med respekt meinar vi måten vi møter andre på
Vi lyttar, viser forståing og er imøtekommande
Gjennomført
Med gjennomført meinar vi at vi er tru mot verdiane våre
Dette syner att i haldningane og handlingane våre
Vi gjer som vi seier, og står for det vi har sagt

Litande
litande a3 (presens partisipp av II lite) verd å lite på, påliteleg, sætande
ei litande kjelde, opplysning
Løysing
løysing f3 (norrønt leysing; av løyse)
- det å løyse: spørsmålet krev løysing svar
- resultat som kjem av løysing (I,4): planløysing / finne ei løysing på mysteriet / ei enkel løysing
- praktisk ordning, måte å gjere noko på: finne ei god, tilfredsstillande løysing i omsorga for dei eldre
Kontakt oss for ei litande løysing


Jan Erik B. Søreide
Salsansvarleg produkt, Marknadssjef/HMS&KS

