Østerbø Solutions opnar ny lokasjon i Sløvåg 29. oktober og markerer 25 års samarbeid med spanske Himoinsa, samt 10 år med reservekraft i Sløvåg. Dagen inkluderer miniseminaret «Blackout» og open dag.
Østerbø Solutions opnar dørene til sine nye lokale i Sløvåg onsdag 29. oktober. Selskapet får besøk av spanske Himoinsa, ein av verdas leiande leverandørar av reservekraftløysingar, no eigd av japanske Yanmar, for å markere eit 25 år langt samarbeid. — Vi ønskjer å vise kor viktig påliteleg straum er for samfunnskritiske tenester, og å dele erfaringar frå praktiske løysingar, seier adm. dir. Ketil Tømmernes.
Blackout og læring
Miniseminaret «Blackout» tek utgangspunkt i hendinga 28. april 2025 då store delar av Spania opplevde omfattande straumbrot. Arrangementet samlar inviterte gjester til ein gjennomgang av kva som skjedde, dagens risikobilete og kva som må endrast i eit meir elektrifisert samfunn. Fleire norske bedrifter vil dele sine tankar rundt beredskap og utbygging av strømnett. Himoinsa og Østerbø vil presentere løysingar og erfaringar.
Lokal satsing og opning
Østerbø satsar også på å skape trygge og gode arbeidsplassar i Sløvåg. Lokalt frå Gulen har dei no tilsette som reiser rundt i heile Noreg og installerer sikker strømforsyning til bl.a. sjukehus, flyplassar og akvakultur. Onsdag 29. oktober blir dette markert med opning av den nye lokasjonen og markering av 10 år med reservekraft frå Sløvåg der ein via målretta satsing har opplevd stor vekst og utvikling. Det heile blir avslutta med Open dag kl 15-17 i Gulafjordvegen 75.
