Overlevering av fleksibel løysing for reservekraft til Agder Energi Nett AS. Løysinga er totalt på 1 000 kVA fordelt på to rammemonterte aggregatpakkar, kvar med eit stillegåande 500 kVA aggregat, stor drivstofftank og 2x4x25 m kabel på trommel for enkel tilkopling.
Løysinga er skreddarsydd for kraftbransjen og deira behov for rask tilkopling mot ulike nett-typar, varierande last og lang driftstid. Aggregata kan gå kvar for seg eller parallelt i lag mot nett der ein har ekstra stort behov for kraft.
Strømaggregata er trygt lagra under tak og er raske å kople til og fase inn i nødsituasjonar eller ved planlagt vedlikehald. Rett og slett «Plug and play» for kraftbransjen.
Meir info
Kontakt Åge Østerbø for meir informasjon om denne løysinga for elkraft:
48 16 17 26