Ny sals- og marknadssjef i Østerbø Maskin AS

6. september 2017

Ny sals- og marknadssjef i Østerbø Maskin AS

– Østerbø har positiv utvikling og tilsettinga av Jan Erik Søreide i denne nøkkelrolla er eit ledd i satsinga for å nå målsettingane våre, seier dagleg leiar Steinar Holen. – Vi skal framover levere litande løysingar til endå fleire enn i dag.

Notvaskarar, strømaggregat og litande løysingar

Dette er ei nyoppretta stilling som har ansvar for produkta til Østerbø, deriblant notvaskarar og strømaggregat.
– Grunna auka aktivitet treng vi betre kapasiteten vår på sal og oppfølging av kundar, seier Holen. Så vi er glade for at Jan Erik Søreide starta som sals- og marknadssjef denne veka.

Motivert og klar til innsats

Når vi møter dei til intervju står dagleg leiar og den nye sals- og marknadssjefen og pakkar ut ein ny notvaskar ute på plassen. Jan Erik er oppvaksen på Søreide like ved Østerbø, utdanna ingeniør og vender no nasen heim etter fleire år med arbeid i oljebransjen i Bergen. – Det er dette som har vore målet, seier han, – vere med på laget til ei slik spennande bedrift her heime. Det har vore interessant å følgje Østerbø frå utsida mens eg har budd vekke, mykje godt arbeid er gjort over mange år her. Dette kan vi no bygge vidare på for å bli ein endå større og tydlegare aktør i marknaden, seier ein motivert Søreide.

Aqua Nor

Jan Erik fekk elddåpen sin under Aqua Nor messa i Trondheim i midten av august der han var med på Østerbø sin stand. – Det var gledeleg å sjå den store interessa og pågangen som var på standen til ei relativt lita bedrift frå ”der ingen skulle tru”, seier Jan Erik. – Dette viser at løysingane og produkta til bedrifta er liv laga . Østerbø er eit spennande lag eg er glad for å no vere ein del av, avsluttar Søreide.