Tett på: Jetmund Høsteland

16. oktober 2020

Tett på: Jetmund Høsteland

Jetmund Høsteland er utdanna automatikar og jobbar som aggregatmontør for Østerbø Maskin. I det daglege reiser han Noreg på langs og tvers for installasjon eller service av aggregatinstallasjonar. Når me møter han på verkstaden i Sløvåg jobbar han med ein av seks aggregatcontainarar som skal leverast som nødstrømsforsyning for vassbehandlingsanlegg til ein kommune i Trøndelag.

Kva består jobben din i?

For installasjonar av nye aggregat består jobben typisk i å plassere inn aggregat i eit tileigna rom eller område. Me monterer hjelpesystem slik som dieseltankar, ventilasjonsanlegg og eksosanlegg. Vanlegvis avsluttast installasjonen med ein slutt-test der me saman med kunde utfører opplæring på anlegget og ser til at alt er i samsvar med krava som er satt.

Jetmund Høsteland

Kort om Jetmund

  • Jobb: Aggregatmontør i Østerbø Maskin AS
  • Alder: 24 år
  • Utdanning: Automatikar
  • Bustad: Hosteland, Masfjorden

Kva finn du interessant med jobben som aggregatmontør?

Ein får reise mykje, sjå mange stader og treffe mykje folk. Det er nye stadar for kvar installasjon, nye anlegg og nye problemstillingar. Det er få dagar som er like. Siste året har eg vore på mellom anna ein humlefabrikk som produserer humler for pollinering og på ein værstasjon tilhøyrande Meteorologisk insitutt. Der vart aggregat og container levert med helikopter. Så oppdraga våre er varierte. Det er heller ikkje feil at reisearbeidet gjer moglegheit for avspasering og lengre friperiodar.

foto frå fjelltopp

Frå installasjon på værstasjon

Kor lang tid tek ein aggregatinstallasjon?

Me pleier å sei at to mann gjer det unna på ei lita veke. Det vil sjølvsagt variere ein heil del. Dei minste aggregata våre kan me plassere med ein pallejekk. Neste år leverer me mellom anna to aggregat som kvar veg tett på 15 tonn og er over 6 m lange. Då kan installasjonen strekke seg over fleire veker.

Kva er viktige eigenskapar for deg som aggregatmontør?

Det er viktig at ein er allsidig og ikkje er redd for å ta i eit tak. Jobben består i alt frå sveising, innsjauing og rørlegging til elektrisk feilsøking, programmering og oppdatering av software. Få kan alt dette godt. Det er derfor viktig at ein ynskjer å tileigne seg ny kunnskap. I aggregatgruppa har me alle litt ulik bakgrunn, og dersom ein treng hjelp når ein er ute landar me som regel ei god løysing saman. Det er alltid nokon som veit.

Koblingsskjema

Ein treng samansett kompetanse for å jobbe som aggregatmontør

Østerbø Maskin har «Litande løysing» som slagord. Kva betyr det for deg?

For oss er litande løysing meir enn berre eit slagord som står skrive ein stad der få eller ingen les det eller tenkjer på det. Me tek dette med oss ut i arbeidet. Det er alltid ein god kontroll i det å stille seg spørsmålet «Er det eg gjer no litande løysing?» Er svaret ja, er me oftast der me skal vere.

Aggregatavdelinga og Jetmund er alt godt i gang med å fylle opp ordreboka for neste år. Det ser ut som 2021 blir nok eit år der gjengen i Østerbø Maskin kan levere anlegg som bidreg til litande løysingar for dei som treng stole på at dei har straum tilgjengeleg til ei kvar tid.

Strømaggregat frå Østerbø

Østerbø Maskin leverer aggregatløysingar for nødkraft, primærkraft og reservekraft over heile Norge. Slik er vi med på å sikre at kritisk utstyr på viktige installasjonar ikkje vert sett ut av drift ved straumbrot.

For mange vert det stadig viktigare å oppretthalde ei stabil straumforsyning, og det er difor ein jamn etterspørsel etter produkta og tenestene våre. Det gjeld både nye anlegg og oppgradering eller utskifting av eksisterande anlegg.

Østerbø Maskin leverer store og små anlegg til både private og offentlege aktørar. Denne hausten har avdelinga levert mellom anna til vasskraftverk, offentlege nybygg, sjukeheimar, vassbehandlingsanlegg, fengsel og til havbruksnæringa. Aggregatavdelinga jobbar ut frå Sløvåg i Gulen kommune der ein har sal-og prosjekteringsavdeling samt eige verkstad.

Kontakt oss for ein aggregatprat

Magne Halland

Magne Halland

Leiar aggregat

Sløvåg

M: +47 48 16 17 08

E: magne@osterbo.no

Ivar Areklett Garmann

Ivar Areklett Garmann

Prosjektansvarleg/salsingeniør

Sløvåg

M: +47 957 55 972

E: ivar@osterbo.no

Arve Søreide

Arve Søreide

Salsansvarleg aggregat agentur

Østerbø

M: +47 48 16 17 24

E: arve@osterbo.no