Tett på: Pawel Ziolkowski

23. oktober 2020

Tett på: Pawel Ziolkowski

Pawel er utdanna industrirøyrleggjar og jobbar som aggregatmontør for Østerbø Maskin. I det daglege reiser han landet på langs og tvers for installasjon eller service av aggregatinstallasjonar. Me blir med Pawel på installasjon av nytt reservekraftaggregat til Furuheim Sykehjem i Larvik.

Installasjon av strømaggregat til sjukeheimar og andre offentlege bygg som mellom anna rådhus, helsehus og forsvaret sine bygg er jobbar som Østerbø etter kvart har gjort mange av og har gjort seg god erfaring med. Jobben i Larvik skil seg i så måte ikkje så mykje frå dei andre sjølv om kvar jobb ofte har sine ting sine særtrekk.

Furuheim er ein eksisterande sjukeheim der jobben består i å oppgradere eit eldre anlegg. Totalenterprisen på oppgraderinga står Sommerfelt Elektro i Larvik for, og Østerbø er deira underleverandør på total aggregatinstallasjon.

Pawel Ziolkowski

Kort om Pawel

  • Jobb: Aggregatmontør i Østerbø Maskin AS
  • Alder: 40 år
  • Utdanning: industrirøyrleggar
  • Bustad: Furnes, Gulen kommune
  • Gift, to barn
  • Arbeidsstad: Heile Noreg

Kva skil denne jobben frå andre tilsvarande jobbar du har vore på?

På Furuheim installerer me aggregat i eit allereie eksisterande bygg. Aggregatet me byter ut var betydeleg mindre og utfordringa har bestått i å plassere eit stort aggregat i eit lite rom.

Kva utfordringar har dette gitt?

Mellom anna måtte aggregatet demonterast før det kunne transporterast inn. Korridorane og dørene var ikkje store nok til at det kunne fraktast inn elles. Me har demontert dieselmotor, generator og radiator frå ramma det står på før me har montert det att når alt var på plass i aggregatrommet. Det har gått fint, men ein møter alltid uforutsette problem når ein kjem ut og jobben tek til.

Trangt

Trangt om plassen. Frå frakt av strømaggregat inn til aggregatrom.

Kva er viktige eigenskapar for deg som aggregatmontør?

Montering

Gjenbruk av teglsteinspipe

Ein må alltid tenke løysing for å få jobben gjort. I Larvik hadde me ein krevjande jobb med å leggje eksosrøyr frå aggregatrom og ut. Her ønska byggherre å nytte ei gamal teglsteinspipe for å få eksos ut over tak. Me brukte kranbil for å heise ut det gamle røyret og montere nytt. I tillegg var framføringsvegen inne i bygget vanskeleg. Me måtte føre røra rundt mykje eksisterande utstyr. Det er viktig å tenkje på kva som kan møte deg før du reiser ut slik at ein stiller så førebudd ein kan.

Kor lang tid tok denne jobben?

På denne brukte me 2 arbeidsveker. Me køyrde bort måndag flaug tilbake for helga før me køyrde heim påfølgande torsdag. For oss som reiser prøver me å ha fri fredagar så langt det let seg gjere.

Og når de reiser heim er alt klart til bruk?

Normalt sett monterer me alt og testkøyrer saman med kunde. Me har elektroniske sjekklister som gjennomgåast og kvitterast ut for å sikre at me har fått med oss alle dei viktige sjekkpunkta. Det er likevel ikkje alltid at anlegget er klart når me er ferdig. Ofte er bygget langt frå ferdig sjølv om me er det, då reiser me tilbake for oppstart og tverrfaglege testar.

Når du seier at ein monterer «alt», kva ligg i det?

Dei fleste anlegga me monterer blir levert med ytterveggsrister, automatiske luftspjeld og eit eksosanlegg som vanlegvis blir isolert og kapsla med aluminium. Veldig ofte leverer me dieseltankar. Det er vanleg at kundane set krav til gangtid mellom kvar dieselfylling i fall dei får eit langvarig straumbrot. Kva som er med på installasjonen varierer mykje frå jobb til jobb.

Når og kvifor begynte du i Østerbø?

Pawel

Det trengs mykje utstyr og ofte må både bil og hengar fyllast opp.

Eg har jobba i Østerbø sidan 2016. Eg hadde ein tidlegare kollega som byrja hos Østerbø og det var han som fekk meg med. Det har blitt nokre installasjonar sidan då.

Krevst det spesiell utdanning eller kompetanse for ei slik stilling?

Me er pr no tre montørar med ulik bakgrunn. Aggregatmontør krev ingen formell utdanning, men ein må vere allsidig og beherske både mekanisk arbeid, sveis, platearbeid og elektro for å nemne noko. Det viktigaste er at ein står på og har vilje til å lære nytt. Ein del kurs slik som truck, varmt arbeid, lift, stillas kran etc er ein fordel å ha, men kursing blir gitt ved behov.

Østerbø Maskin har «Litande løysing» som slagord. Kva betyr det for deg?

Litande løysing er kvalitet, kunden er i fokus og skal bli fornøgd.

Aggregatavdelinga og Pawel er alt godt i gang med å fylle opp ordreboka for neste år. Det ser ut som 2021 blir nok eit år der gjengen i Østerbø Maskin kan levere anlegg som bidreg til litande løysingar for dei som treng stole på at dei har straum tilgjengeleg til ei kvar tid.

Strømaggregat frå Østerbø

Østerbø Maskin leverer aggregatløysingar for nødkraft, primærkraft og reservekraft over heile Norge. Slik er vi med på å sikre at kritisk utstyr på viktige installasjonar ikkje vert sett ut av drift ved straumbrot.

For mange vert det stadig viktigare å oppretthalde ei stabil straumforsyning, og det er difor ein jamn etterspørsel etter produkta og tenestene våre. Det gjeld både nye anlegg og oppgradering eller utskifting av eksisterande anlegg.

Østerbø Maskin leverer store og små anlegg til både private og offentlege aktørar. Denne hausten har avdelinga levert mellom anna til vasskraftverk, offentlege nybygg, sjukeheimar, vassbehandlingsanlegg, fengsel og til havbruksnæringa. Aggregatavdelinga jobbar ut frå Sløvåg i Gulen kommune der ein har sal-og prosjekteringsavdeling samt eige verkstad.

Kontakt oss for ein aggregatprat

Magne Halland

Magne Halland

Leiar aggregat

Sløvåg

M: +47 48 16 17 08

E: magne@osterbo.no

Ivar Areklett Garmann

Ivar Areklett Garmann

Prosjektansvarleg/salsingeniør

Sløvåg

M: +47 957 55 972

E: ivar@osterbo.no

Arve Søreide

Arve Søreide

Salsansvarleg aggregat agentur

Østerbø

M: +47 48 16 17 24

E: arve@osterbo.no