Ledig stilling: Dokumenthandterar / teknisk sekretær

28. juni 2024

Ledig stilling: Dokumenthandterar / teknisk sekretær

Vil du bli med oss og gi Noreg sikker strømforsyning?

No har du moglegheita til å bli med på laget til ein av Noregs største og fremste leverandørar på nødstraum og reservekraft. Østerbø leverer generatorløysingar og hybride system frå HIMOINSA.
På grunn av aukande oppdragsmengde og store ordrereservar søkjer vi ein serviceinnstilt og ansvarleg person til reservekraftteamet vårt i Sløvåg.

Arbeidsoppgåver

Vi søker no ein medarbeidar til avdeling for reservekraft i Sløvåg som liker ein travel kvardag og ynskjer å skape vekst.

Stillinga vil vere ein støttefunksjon til den daglege drifta på avdelinga.  

Arbeidsoppgåver vil vere:

  • Dokumenthandtering og arkivering
  • Handtering og utsending av sluttdokumentasjon til kunde
  • Ordre- og fakturahandtering
  • Handtering av bestillingar
  • Bestillingar og varemottak
  • Koordinering og bestilling av reiser for teamet
Prosjektleiar Ivar Areklett Garmann

«Litande løysing» er Østerbø Solutions sitt slagord. Dette jobbar vi kvar dag med å oppnå i det vi gjer og ligg til grunn for alt arbeid vi utfører.

Vi tilbyr

Vi tilbyr deg 100% fast stilling med konkurransedyktig løn.

  • Arbeidsstad Vidsyn, Sløvåg
  • Spennande stilling i ei avdeling i vekst.
  • Gode pensjonsordningar
  • Eit godt arbeidsmiljø, fagleg og sosialt
  • Varierte arbeidsoppgåver

Vi har trua på eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling.

Batteri hybrid
Spareparts

Kvalifikasjonar

  • Ynskeleg utdanning
    • Fagbrev innan logistikk eller kontorfag
    • Fagbrev innan mekaniske fag eller elektro
    • Tverrfagleg kompetanse blir vektlagt
    • Erfaring kan kompensere for manglande utdanning, kandidatar med annan relevant erfaring oppmodast til å søke
  • Du beherskar bruk av dataverktøy godt og har erfaring med dette
  • Førarkort kl B
  • Du beherskar norsk flytande, skriftleg og munnleg. Det er eit pluss om ein beherskar engelsk i tillegg. 

Meir informasjon og søknad

For meir informasjon eller spørsmål om stillingane kontaktar du:
Magne Halland

Magne Halland

Leiar reservekraft

Sløvåg

M: +47 48 16 17 08

E: magne@osterbo.no

Ivar Areklett Garmann

Ivar Areklett Garmann

Fungerande leiar reservekraft

Sløvåg

M: +47 957 55 972

E: ivar@osterbo.no

Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no innan 1. august 2024
Søkjarar vil bli vurdert fortløpande.

Østerbø Solutions AS

Vi har straumaggregat i drift i heile Noreg og per i dag om lag 350 aktive serviceavtalar. Årleg utfører vi 50 montasjar av reservekraftinstallasjonar, og i 2023 omsette vi for over 160 mill. NOK. Reservekraftteamet er tverrfagleg og følgjer kundane heile vegen frå sal via prosjektering, montering og installasjon til service og ettermarknad. Østerbø Solutions leverer straumaggregat i størrelse 6 – 2000 kilowatt.

Østerbø Solutions har i snart 50 år jobba for å vere ein leiande leverandør av sikker straumforsyning og smarte løysingar til kundar innan havbruk, industri og offentleg.

Bedrifta har i dag omlag 65 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Vi har avdelingar på Sløvåg, Frekhaug, Mongstad, Østerbø og er ein del av Østerbø Gruppa. Velkommen med på laget!