Ledig stilling: Serviceteknikar reservekraft

mar 23, 2026

Ledig stilling: Serviceteknikar reservekraft

Vil du bli med oss og gi Noreg sikker strømforsyning?

Bli med oss og levere reservekraft til sjukehus, datasenter og oppdrettsanlegg rundt i heile landet. Når kontinuerleg strømforsyning er avgjerande, er det serviceteamet vårt som sørgjer for at anlegga startar, går stabilt og blir følgde opp skikkeleg.

Arbeidsoppgåver

Du jobbar med installasjon, service og oppstart av reservekraftanlegg. Vi har strømaggregat i drift i heile Noreg, og ser etter ein serviceteknikar med brei teknisk forståing. Østerbø leverer generatorløysingar og hybride system frå HIMOINSA.

Arbeidsoppgåver vil vere:

  • Service og feilsøking på reservekraftanlegg
  • Montasje og oppstart av nye anlegg
  • Dokumentasjon og rapportering
  • Kundekontakt og teknisk støtte
  • Sikre at leveransen blir ei litande løysing
Østerbø Norge Rundt

Kven er du?

Vi trur du:

  • Har erfaring/utdanning frå mekaniske og/eller elektriske fag (tverrfagleg er ein fordel)
  • Er sjølvstendig ute på oppdrag, men trivst i lag med andre
  • Har førarkort klasse B (gjerne BE)
  • Beherskar norsk godt, og gjerne litt engelsk
Lager og logistikk medarbeidar
Servicetekniker

Kvifor velje oss?

Vi legg vekt på fagleg stoltheit, kvalitet og utvikling. Her blir du ikkje ein i mengda, men ein som faktisk er med og påverkar.

  • Fast 100 % stilling
  • Oppmøtestad Sløvåg, mykje reiseverksemd (med gode reise- og friordningar)
  • Sterkt tverrfagleg miljø og korte vegar til avgjerd
  • Gode vilkår ved reiseoppdrag og ryddige ordningar
  • Eit solid selskap i vekst, med røter i lokalmiljøet og blikket framover

Vi kallar det litande løysingar.
Det gjeld ikkje berre for kundane – det gjeld for dei som jobbar her òg.

    Meir informasjon og søknad

    Klar til å ta steget?

    Send oss ein kort søknad – eller ta ein uformell prat først. Vi ser fram til å høyre frå deg.

    Send søknad og cv til: linda@osterbo.no, snarast, søkarar blir vurdert fortløpande

    Magne Halland

    Magne Halland

    Leiar reservekraft

    Sløvåg

    M: +47 48 16 17 08

    E: magne@osterbo.no

    Østerbø Solutions AS

     

    Litande løysing sidan 1977

    Østerbø Solutions har snart 50 års erfaring frå mellom anna nasjonale leveransar av reservekraft og rørsystem, og er ein betydeleg regional aktør på elektro og automasjon. Vi er stolte over å levere litande løysingar til kundar innan akvakultur, industri og det offentlege. Selskapet har i dag ca 65 tilsette fordelt mellom hovudkontoret på Østerbø og avdelingar på Frekhaug, Mongstad og Sløvåg. Velkommen med på laget

     

    Himoinsalogo