Framside » Ledig stilling: arbeidsleiar mekanisk/plast

Er du ein erfaren montør med mekanisk/plast-bakgrunn som ønskjer å ta det neste steget i karrieren?

Østerbø Maskin søker serviceinnstilt og ansvarleg arbeidsleiar mekanisk/plast som skal vere med på satsinga vår på PE-plastsveis. Du skal leie arbeid på anlegg med oppfølging av arbeid, personell, oppfølging sveisedokumentasjon, HMS og kvalitet. Ta del i plastsveising av rør og plater i ulike dimensjonar både lokalt i Østerbø-området og hos kunde.

I Østerbø jobbar vi mykje mot havbruk og industri og har eit sterkt tverrfagleg elektromekanisk fagmiljø. Arbeidsoppgåvene er varierte. Vi jobbar tett med faste kundar og ønsket vårt er å tilpasse produktet i lag med dei. Vi skreddarsyr litande løysningar, så hos oss kan du komme borti dei verkeleg unike og spesielle prosjekta. No satsar vi på tyngre PE-rørsystem som f.eks. inntaksrør til havbruk og landbasert oppdrett og ynskjer bygge eit endå sterkare fagmiljø rundt dette.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsleiar for monteringsjobbar på anlegg – hovudsakleg landbasert oppdrett
  • Koordinering av arbeidsteam og kvalitet på byggeplass
  • Plastsveis av PE-rør ekstruder, muffe og speil
  • Utføre mekanisk service og produktvedlikehald
  • Reise ut på monterings- og serviceoppdrag

Hos oss jobbar du både sjølvstendig og som del av eit team med sveisarar, montørar, ingeniørar og elektrikarar. Vi jobbar kvar dag med å levere litande løysingar til kundane våre.

Rørsveis
oppdrett

Ønska Kvalifikasjonar

Kjenner du deg att i noko av dette? Send oss ein søknad

  • Fagbrev innan industrirørleggarfaget eller plastmekanikarfaget, eventuelt mekanisk bakgrunn
  • Erfaring frå arbeid på landbasert anlegg, jobba med PE-røyr og PE sveising.
  • Montasjeerfaring av alt frå smått til stort utstyr (pumper, vekslarar, prosessutstyr osv.)
  • Rigg-erfaring
  • Fordel med erfaring frå koordinering av arbeidsteam og oppfølging av kvalitet og HMS ute på byggeplassar
  • Du er god til å delegere arbeid, løysningsorientert og ikkje redd for å ta i eit tak
  • Handterer hektiske periodar på ein god måte
  • Flytande norsk som arbeidsspråk, samt god i engelsk
  • Du er MOTIVERT for å levere litande løysingar!
  • Førarkort kl BE samt helst kl C med kransertifikat
  • Sertifikat for truck er ein fordel

Vi tilbyr

  • 100% fast stilling
  • Konkurransedyktig løn
  • Sertifisering i bruk av utstyr
  • Oppmøteplass Østerbø, stor reiseverksemd må påreknast
  • Gode reise-, kost- og losjiordningar ved reiseoppdrag
  • Tilpassa reise- og friordning
  • Gode karrieremulegheiter for den rette kandidaten
  • Velutstyrt verkstad og nytt administrasjonsbygg
  • Eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling

Velkommen som søkjar til i ei bedrift i vekst og eit område der det skjer mykje spennande for tida. 

PE-plast

Meir informasjon og søknad

For meir informasjon eller spørsmål om jobben kontaktar du:

Martin Lio

Martin Lio

Prosjektansvarleg plast

Dalen

M: +47 938 42 637

E: martin@osterbo.no

Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no  snarast (søkjarar vert vurdert forløpande)

Om oss

Østerbø Maskin har over 45 års erfaring frå blant anna nasjonale leveransar av reservekraft, og er i dag ein av landets største leverandørar av nødstrømsaggregat til bl.a. sjukehus, havbruk og industri. Vi er stolte over å kunne levere litande løysingar innan reservekraft, utstyr til havbruksnæringa, elektroinstallasjon og elektromekanisk produksjon.

Bedrifta har i dag omlag 55 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Etter at vi fusjonerte med Meland Elektro har vi eit stort fagmiljø på elektro med avdelingar på Meland, Østerbø og Sløvåg. Vi er ein del av Østerbø Gruppa.

Har du lyst til å jobbe i eit ambisiøst og spennande selskap? Østerbø Maskin tilbyr ein god og trygg arbeidsplass. Velkommen med på laget! 

Kategoriar: Aktuelt | jobb | Mekanisk