Østerbø Solutions har tilsett Kathrine Molvik som operasjonell leiar (COO). Ho tiltrer 1. august 2025 og blir ein sentral del av leiargruppa.
Kathrine kjem frå stillinga som Senior Vice President Technical i Norwegian Electric Systems (NES), der ho har vore divisjonsleiar teknisk for fire avdelingar. Ho har solid bakgrunn som industrirørleggar, rør- og sveiseingeniør, og har ein Executive Master of Management med spesialisering i strategisk leiing og styrekompetanse. I tillegg har ho over ti års erfaring som dagleg leiar og eigar av eige selskap.
– Vi er svært glade for at Kathrine har takka ja til å bli ein del av Østerbø-laget. Ho har ein unik kombinasjon av teknisk tyngde, strategisk blikk og gode leiareigenskapar. Med henne på laget styrkar vi organisasjonen for vidare vekst og utvikling, seier adm.dir. Ketil Tømmernes.
Kathrine sitt hovudfokus blir å styrke system, struktur og kvalitet i organisasjonen, og dermed sikre rammeverket rundt dei litande løysingane.
– Eg ser fram til å bli ein del av Østerbø og til å samarbeide tett med dyktige kollegaer for å vidareutvikle struktur, kvalitet og engasjement. Østerbø er ein spennande og framtidsretta aktør med stort potensial, seier Kathrine Molvik.
Kathrine bur i Alver og kjenner Østerbø Solutions godt frå tidlegare kundeforhold og samarbeid
Om Østerbø Solutions
Østerbø Solutions har snart 50 års erfaring frå mellom anna nasjonale leveransar av reservekraft og PE-system, og er ein betydeleg regional aktør på elektro og automasjon. Vi er stolte over å levere litande løysingar til kundar innan akvakultur, industri og det offentlege.
Selskapet har i dag ca 65 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Vi har hovudkontor på Østerbø og avdelingar på Frekhaug, Mongstad og Sløvåg.