Etter eit krevjande 2023 prega av tap grunna konkursar hos kundar, leverer Østerbø Solutions AS eit godt resultat for 2024. Med ei omsetning på 167 MNOK, EBITDA på 8,6 MNOK og EBIT på 5,2 MNOK, viser selskapet at målretta omstilling og fagleg styrke gir resultat.

– Vi har gjort meir av det vi er gode på, og vi har dyktige folk som har stått på i ei tid med store endringar. Det er årsaka til at vi no ser ei positiv utvikling, seier adm. dir. Ketil Tømmernes.

I omstillinga i 2024 har den sterke marknadsposisjon Østerbø har innan reservekraft og sikker strømforsyning vore viktig for å sikre både aktivitet og lønsemd.

Med nye kundar og eit større nedslagsfelt i marknaden er utsiktene positive. – I vekstfasen vi er inne i no, er det avgjerande å halde fram med kontinuerleg forbetring, understrekar Tømmernes.

Adm. dir. Ketil Tømmernes: Vi lykkast med omstilling og styrkar posisjonen i 2024

Meir info:

Adm. dir.: Ketil Tømmernes, ketil.tommernes@osterbo.no, tlf: 952 40 511