Case Study: Små marginar og litande løysingar

29. april 2021

Case Study: Små marginar og litande løysingar

Aggregatinstallasjon i eksisterande bygg kan by på utfordringar. Men med litande løysingar, god innsats på planlegging og dyktige fagfolk på utføring kan det meste løysast.

Vi er veldig fornøyd med aggregatet på Furuheim. Dette er malen på hvordan en slik reservekraft løsning skal være”

Kjell Inge Bjørnstad

Larvik Kommune

På Furuheim sykehjem i Larvik bytte Østerbø Maskin AS i 2020 ut eit lite reservekraftaggregat med eit større og meir moderne anlegg. Både aggregatrommet og inntransportvegen vart for knappe for det nye og større aggregatet, samt at ny eksos skulle integrerast i eldre teglsteinspipe.

 

Men med god planlegging, demontering, ombygging, litande løysingar og skreddarsaum på staden har Furuheim sykehjem i dag eit nytt, velfungerande, moderne reservekraftanlegg.

Om installasjonen

  • Stad: Furuheim Sykehjem, Larvik kommune
  • Kunde: Sommerfelt Elektro AS
  • Tid: Haust 2020
  • Strømaggregat: HIMOINSA HDW-535-T5 aggregat med omkoplartavle.

Strømaggregatet yter 535 kVA og har automatisk innkopling i tilfelle nettutfall på bygget

Inntransport

Prosjektet utfordra alle partar sidan aggregatet vart plassert i eit rom som i utgangspunktet var lite for ein installasjon av ein slik størrelse.  – Det er kjekt og utfordrande å jobbe på slike prosjekt som ikkje er «rett ut av boksen», fortel prosjektleiar Ivar A. Garmann.

Trangt

Inntransport av aggregatet vart løyst ved å demontere det og transportere det inn i fleire mindre delar før det vart montert saman igjen på staden. – Her hadde vi ein grundig prosjekteringsfase for å planlegge inntransport og sikre at nye døropningar hadde tilstrekkeleg plass. Med små marginar måtte vi vere heilt sikre på at installasjonen gjekk smertefritt på staden, seier Garmann.

Ombygging av aggregatrom

Sjølve aggregatrommet måtte utvidast. Løysinga vart å ta ein del av ein garderobe og setje aggregatet skråstilt i det som vart eit utvida, nytt rom. Ein sikra at ein fekk plass for ventilasjon, lyddemping, omkoplartavle og ikkje minst plass for drift og vedlikehald av strømaggregatet i ettertid.

Prosjektleiar Ivar Areklett Garmann
Ein god kombinasjon av god planlegging og dyktige folk på utføring var viktig i dette prosjektet, seier prosjektleiar Ivar A. Garmann

 

Sjølve ombygginga av rommet stod Sommerfelt Elektro med sine underleverandørar for. Her har vi hatt god dialog og godt samarbeid med Sommerfelt Elektro heile vegen. Det er ekstra viktig på eit prosjekt der feilmarginane er små og 3D-modellar og målsette teikningar av alle rom og hindringar ikkje fullt ut er tilgjengeleg.

Kommunikasjonen og samarbeidet har vært godt gjennom hele dette prosjektet. Vi opplevde prosessen som ryddig, presis og effektiv. Østerbø har levert helt etter planen og resultatet ble meget bra.»

Roald Martin Gjone

Sommerfelt Elektro AS

Gjenbruk av pipe til eksos

Sluttkunde ønska å nytte ei eksisterande teglsteinpipe til legging av nytt eksosrør. Her vart gamalt eksosrør kappa og heist ut. Nytt og større rør vart prefabrikkert på staden og heist inn i pipeløpet. Waypoint Larvik utførte løftet med ei total løftehøgde på omlag 30 meter for å få denne korrekt installert. Lyddempar vart plassert i naborom til aggregatrommet og tilpassa eksisterande installasjonar. Isolasjon og kapsling på eksosanlegg vart montert. Her fekk montørane våre bryna seg skikkeleg med å finne eigna trasè på begrensa plass og blant mykje anna utstyr på staden.

Heile arbeidsoperasjonen gjekk over to arbeidsveker. Frå Østerbø var det Pawel og Artur som hadde jobben. Pawel som er utdanna industrirørleggjar fekk ekstra bruk for god fagkunnskap og mykje tidlegare erfaring på dette prosjektet, og det kom godt med å ha med ein habil sveisar som Artur i teamet.

Montering

Litande løysing til heile landet

Med slike installasjonar leverer Østerbø på eit krevjande prosjekt og tryggar drifta ved sjukeheimen. Leveransen er også ein av fleire den siste tida som har bidrege til å gjere Østerbø til ein nasjonal leverandør snarare enn regional.

Trygg med serviceavtale

Med Østerbø serviceavtale er Furuheim sykehjem sikra trygg drift i åra som kjem.

Kontakt oss for meir informasjon

Magne Halland

Magne Halland

Leiar aggregat

Sløvåg

M: +47 48 16 17 08

E: magne@osterbo.no

Ivar Areklett Garmann

Ivar Areklett Garmann

Prosjektansvarleg/salsingeniør

Sløvåg

M: +47 957 55 972

E: ivar@osterbo.no

Arve Søreide

Arve Søreide

Salsansvarleg aggregat agentur

Østerbø

M: +47 48 16 17 24

E: arve@osterbo.no

Lars-Åge Rasch

Lars-Åge Rasch

Serviceansvarleg

Sløvåg

M: +47 48 16 17 28

E:larsaage@osterbo.no