Industrivedlikehald og fornying av fabrikk

7. januar 2019

Industrivedlikehald og fornying av fabrikk

– Nyrstar har vore ein viktig kunde for oss, seier Jens Brekke, prosjekt-leiar og teknisk teiknar hos Østerbø Maskin AS. – Vi har samarbeidd om store og små prosjekt over fleire år.

Østerbø har levert store prosjekt som trapperepo, stråle- og spraykjøler og dustfix. Tenester som montering, sveis og serviceoppdrag. Samt mindre produkt og forbetringar av produksjonslinja. 

– Det er interessant å jobbe med ein slik kunde over tid og få vere med og utvikle ein heil fabrikk, seier Brekke. – Variasjon i oppdraga er det og, alt frå å levere noko lite raskt, til å skape heilskaplege løysingar som skal fungere i lag med eksisterande materiell.

Då Nyrstar utvida fabrikken var litande løysingar frå Østerbø ein del av pakken i ein stor jobb med fleire aktørar. 

trapp

Østerbø er ein aktør vi kan stole på. På kort varsel ordnar dei opp enten det er snakk om mannskap eller teikningar. Dette sikrar oss stabil drift.

Arjun Krishnan

Asset manager, Nyrstar

Om Nyrstar

Nyrstar Høyanger var ein pionér i høgtemperatur plasmaovn-teknologi. Nyrstar er eit internasjonalt selskap og har gruvedrift, smelteverk og anna verksemd i Europa, Amerika og Australia. Dei sysselset over 7 000 menneske.

Kontakt oss for ein prat

Jens A. S. Brekke

Jens A. S. Brekke

Teknisk teiknar

Østerbø, Sløvåg

M: +47 48 16 17 22

E: jens@osterbo.no

Steinar Holen

Steinar Holen

Leiar produkt og produksjon

Østerbø

M: +47 48 16 17 23

E: steinar@osterbo.no

Sentralbord

Sentralbord

Østerbø

M: + 47 48 16 17 18

E: om@osterbo.no