Landbasert oppdrett: viktig med litande reservekraft

27. juni 2018

Landbasert oppdrett: viktig med litande reservekraft

Landbasert oppdrett er i framvekst og større anlegg treng meir straum. Med store verdiar i kara krev næringa stabile løysingar ein kan stole på. Østerbø Maskin AS er med på reisa til næringa og gjer nytte av lang erfaring med leveransar av strømaggregat som straumforsyning og reservekraft til havbruk gjennom 40 år.

Strømaggregat på til saman 11 000 kVA til landbasert oppdrett

Siste åra har Østerbø levert strømaggregat med kapasitet på nesten 11 000 kVA til landbasert oppdrett rundt i heile landet. Slik har dei god kjennskap til kva kundane treng.

Osland settefisk

Osland Settefisk AS ligg dramatisk til under høge fjell i Sogn, men har alltid trygg leveranse av straum med reservekraft frå Østerbø, foto: Jan Egil Nygard

– Ei litande løysing frå Østerbø inneber ønska behov til rett pris. Vi har fokus på god oppfølging og dialog i byggefasen og prosjekta avsluttast alltid med ein grundig test og opplæring av driftspersonell, seier Marknadssjef Jan Erik Søreide, – Vi veit at kundane våre krev høg kvalitet i ein slik viktig leveranse, og det er målet vårt å gi dei det.

Opprusting av eldre anlegg

Aggregat Kvingo

Hos Marine Harvest Norway AS avd. Kvingo går nytt og gammalt aggregat hand i hand med parallellkøyring og styringssystem.

Østerbø er spesialist på å ruste opp eldre anlegg som ikkje lenger strekk til. Her finst det fleire alternative løysingar som kan være aktuelle alt etter kva ønsker og behov kunden har.

Her kan eksempelvis ei løysing vere at det gamle aggregatet blir modifisert til å gå i parallell med eit nytt. På denne måten kan ein redusere investeringane, men likevel oppnå det anlegget ein treng.

Servicen skal vere best

Servicegjengen aggregat

Dialog i byggefasen og god oppfølging i ettertid er viktig for Østerbø

Dei ønsker å vere best på service og tilbyr alle ein serviceplan som gjer at leverte produkt får forlenga levetid og kvalitet. Dermed er strømaggregata alltid klar til å levere når det trengs. – Du skal vere trygg med reservekraft frå Østerbø, avsluttar Jan Erik.