Grunna auka oppdragsmengde søkjer vi nye tilsette til arbeid i Sløvåg
Er du vår nye drivande dyktige elektrikar eller automatikar?
Du er sjølvstendig, ansvarsfull og har eit sterkt ønske om å vere med å utvikle satsinga vår i regionen.
Som elektrikar/automatikar hos oss vil du ha oppdrag hos kundar hovudsakleg i Sløvåg-området.
Arbeidsoppgåver
- Utføring av elektro-/automasjoninstallasjonar hos industri- og servicekundar.
- Sikre at arbeid blir gjennomført på eit høgt fagleg nivå, til rett pris og rett tid.
- Bidra til at bedrifta tilpassar seg endringar i marknaden og utviklar seg i tråd med marknadspotensialet.
Bakgrunn og kompetanse
- Fagbrev som elektrikar eller automatikar
- Førarkort kl B
- God skriftleg og munnleg norsk og engelsk
Vi tilbyr
- Spennande stilling med stor moglegheit til å påverke retning og utvikling av Østerbø si elektrosatsing
- Eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår
Kontakt oss
Fast 100% stilling
Søknadsfrist: 30. september, søknader blir vurdert fortløpande
Kanskje er du også interessert i desse jobbane:
Ledig stilling: Produksjonsleiar
Er du den drivande dyktige produksjonsleiaren med mekanisk bakgrunn som vil vere med og skape på...
Om Østerbø Solutions
Østerbø Solutions har over 45 års erfaring frå blant anna nasjonale leveransar av reservekraft, og er i dag ein av landets største leverandørar av nødstrømsaggregat til bl.a. sjukehus, havbruk og industri. Vi er stolte over å kunne levere litande løysingar innan reservekraft, utstyr til havbruksnæringa, elektroinstallasjon og elektromekanisk produksjon.
Bedrifta har i dag omlag 65 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Etter at Østerbø Maskin og Meland Elektro fusjonerte har vi eit stort fagmiljø på elektro med avdelingar på Frekhaug, Østerbø, Mongstad og Sløvåg. Vi er ein del av Østerbø Gruppa.
Har du lyst til å jobbe i eit framoverlent og spennande selskap? Østerbø Solutions tilbyr ein god og trygg arbeidsplass. Velkommen med på laget!