Ledig stilling: Produksjonsleiar

1. juni 2023

Ledig stilling: Produksjonsleiar

Er du den drivande dyktige produksjonsleiaren med mekanisk bakgrunn som vil vere med og skape på Østerbø? Vi produserer konstruksjonar i plast, aluminium, syrefast til kundar innan industri og havbruk.

Arbeidsoppgåver

Du skal vere ansvarleg for produksjon og personell på verkstaden vår. Ei viktig leiarrolle i ei solid bedrift i vekst. Ein hektisk, spennande, utfordrande og til tider sveitt kvardag der du må ha kontroll på fleire ballar i lufta samstundes.

  • Du har ansvar for at leveranser er klar til rett tid med rett kvalitet
  • Koordinere tidsbruk og arbeidsoppgåver for verkstadmedarbeidarane våre inne og ute
  • Du skal prate med kundar, rekne på tilbod og sørge for etterkalkyle og kundeoppfølging. 
  • Følge opp lærlingar innan tilhøyrande fagområde.
  • Du tek i eit tak der det trengs og er ikkje vere redd for å bli skiten på nevane.
Rørsveis Bulandet Miljøfisk
i arbeid

Bakgrunn og erfaring

Du synst ”Litande løysing” er eit slagord du kan tenke deg å levere på og har trua på å sjå løysingar der andre ser problem.

  • Du er heilt sjef når det gjeld HMS, oversikt og struktur på ditt fagfelt. 
  • Du har gode datakunnskapar og det er positivt om du har kjennskap til teknisk teikning.
  • Må ha førarkort kl B. Førarkort kl C er ein fordel
  • Har du relevant utdanning og erfaring frå mekanisk og/eller sveis så er nok dette jobben du har venta på. 

Vi tilbyr

  • 100% fast stilling
  • Konkurransedyktig løn
  • Oppmøteplass Østerbø
  • Velutstyrt verkstad og nytt administrasjonsbygg
  • Eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling

Velkommen som søkjar til i ei bedrift i vekst og eit område der det skjer mykje spennande for tida. 

Meir informasjon og søknad

For meir informasjon eller spørsmål om stillingane kontaktar du:
Steinar Holen

Steinar Holen

Leiar produkt og produksjon

Østerbø

M: +47 48 16 17 23

E: steinar@osterbo.no

Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no. Søknadsfrist: snarast, søkjarar blir vurdert fortløpande.

Om oss

Østerbø Maskin har over 45 års erfaring frå blant anna nasjonale leveransar av reservekraft, og er i dag ein av landets største leverandørar av nødstrømsaggregat til bl.a. sjukehus, havbruk og industri. Vi er stolte over å kunne levere litande løysingar innan reservekraft, utstyr til havbruksnæringa, elektroinstallasjon og elektromekanisk produksjon.

Bedrifta har i dag omlag 60 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Etter at vi fusjonerte med Meland Elektro har vi eit stort fagmiljø på elektro med avdelingar på Meland, Østerbø, Dalen og Sløvåg. Vi er ein del av Østerbø Gruppa.

Har du lyst til å jobbe i eit ambisiøst og spennande selskap? Østerbø Maskin tilbyr ein god og trygg arbeidsplass. Velkommen med på laget!