Ledig stilling: Produksjonsmedarbeidar/koordinator

28. juni 2024

Ledig stilling: Produksjonsmedarbeidar/koordinator

Vil du bli med oss og gi Noreg sikker strømforsyning?

No har du moglegheita til å bli med på laget til ein av Noregs største og fremste leverandørar på nødstraum og reservekraft. Østerbø leverer generatorløysingar og hybride system frå HIMOINSA.
På grunn av aukande oppdragsmengde og store ordrereservar søkjer vi ein serviceinnstilt og ansvarleg person til reservekraftteamet vårt i Sløvåg.

Arbeidsoppgåver

Vi søker no ein medarbeidar til verkstaden og varelageret vårt i Sløvåg som likar ein travel kvardag og ynskjer å skape vekst.

Arbeidet er variert og vil fordele seg mellom verkstadarbeid som prefabrikkering og reperasjon/klargjering av straumaggregat for kunde. Det vil vere varemottak og vareklargjering knytt til prosjekt og servicearbeid. Du vil ha oppgåver som tilsyn vedlikehald av utleigeaggregat, verkstadmaskiner, truckar, hengarar og generelt utsyr og maskiner for avdelinga.

Arbeidsoppgåver vil vere:

  • Drifte verkstad og varelager
  • Koordinere delar og varer til montasjeprosjekt og service- og reparasjonsoppdrag
  • Prefabrikkering og reparasjonar
  • Vedlikehald og tilsyn av verkstadmaskiner og anna montasjeverktøy/utstyr
  • Logistikk og vedlikehald/tilsyn med utleigeprodukt
  • Du gir generell support på strømaggregat
Lager og logistikk medarbeidar

«Litande løysing» er Østerbø Solutions sitt slagord. Dette jobbar vi kvar dag med å oppnå i det vi gjer og ligg til grunn for alt arbeid vi utfører.

Vi tilbyr

Vi tilbyr deg 100% fast stilling med konkurransedyktig løn.

  • Oppmøteplass Sløvåg, reiseoppdrag kan forekomme
  • Gode pensjonsordningar
  • Spennande stilling i ei avdeling i vekst
  • Eit godt arbeidsmiljø, fagleg og sosialt
  • Varierte arbeidsoppgåver

Vi har trua på eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling.
Stillinga inngår i mogleg vaktordning.

Deler-sørvis med stor ø
Spareparts

Kvalifikasjonar

  • Ynskeleg utdanning
    • Mekaniske fag som industrimekanikar / landbruksmaskinmekanikar
    • Automatikar, elektromontør.
    • Tverrfagleg kompetanse blir vektlagt
    • Erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Førarkort kl B
  • Du beherskar norsk flytande, skriftleg og munnleg. Det er eit pluss om ein beherskar engelsk i tillegg. 

Meir informasjon og søknad

For meir informasjon eller spørsmål om stillingane kontaktar du:
Magne Halland

Magne Halland

Leiar reservekraft

Sløvåg

M: +47 48 16 17 08

E: magne@osterbo.no

Ivar Areklett Garmann

Ivar Areklett Garmann

Salsingeniør/prosjektleiar

Sløvåg

M: +47 957 55 972

E: ivar@osterbo.no

 Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no innan 1. august 2024
Søkjarar vil bli vurdert fortløpande.

Østerbø Solutions AS

Vi har straumaggregat i drift i heile Noreg og per i dag om lag 350 aktive serviceavtalar. Årleg utfører vi 50 montasjar av reservekraftinstallasjonar, og i 2023 omsette vi for over 160 mill. NOK. Reservekraftteamet er tverrfagleg og følgjer kundane heile vegen frå sal via prosjektering, montering og installasjon til service og ettermarknad. Østerbø Solutions leverer straumaggregat i størrelse 6 – 2000 kilowatt.

Østerbø Solutions har i snart 50 år jobba for å vere ein leiande leverandør av sikker straumforsyning og smarte løysingar til kundar innan havbruk, industri og offentleg.

Bedrifta har i dag omlag 65 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Vi har avdelingar på Sløvåg, Frekhaug, Mongstad, Østerbø og er ein del av Østerbø Gruppa. Velkommen med på laget!