Grunna auka oppdragsmengde søkjer vi 3 nye tilsette til arbeid i Sløvåg

Er du vår nye drivande dyktige industrielektrikar eller automatikar?
Du er sjølvstendig, ansvarsfull og har eit sterkt ønske om å vere med å utvikle satsinga vår i regionen.

Som elektrikar/automatikar hos oss vil du ha oppdrag hos industrikundar i hovudsakleg i området rundt Sløvåg og Mongstad.
Erfaring frå arbeid innan industri, olje og gass er ein stor fordel.

Arbeidsoppgåver

  • Utføring av elektro-/automasjoninstallasjonar hos industri- og servicekundar.
  • Sikre at arbeid blir gjennomført på eit høgt fagleg nivå, til rett pris og rett tid.
  • Bidra til at bedrifta tilpassar seg endringar i marknaden og utviklar seg i tråd med marknadspotensialet.

Bakgrunn og kompetanse

  • Fagbrev som elektrikar eller automatikar
  • Minimum 3 års relevant erfaring etter fagprøve.
  • Gjerne erfaring frå industri, olje og gass
  • Erfaring med arbeid i ex-miljø er ein fordel
  • Førarkort kl B
  • God skriftleg og munnleg norsk og engelsk

Vi tilbyr

  • Spennande stilling med stor moglegheit til å påverke retning og utvikling av Østerbø si elektrosatsing
  • Eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling
  • Konkurransedyktige vilkår
Elektrikar

Kontakt oss

3 faste 100% stillingar
Søknadsfrist: snarast, søknader blir vurdert fortløpande

Fredrik Knutssøn

Fredrik Knutssøn

Leiar elektro og installatør Østerbø og Frekhaug

Kontakt meg om: Elektroinstallasjon

pinØsterbø/Frekhaug

telefon400 89 399

e-postfredrik@osterbo.no

Om Østerbø Maskin

Østerbø Maskin har over 45 års erfaring frå blant anna nasjonale leveransar av reservekraft, og er i dag ein av landets største leverandørar av nødstrømsaggregat til bl.a. sjukehus, havbruk og industri. Vi er stolte over å kunne levere litande løysingar innan reservekraft, utstyr til havbruksnæringa, elektroinstallasjon og elektromekanisk produksjon.

Bedrifta har i dag omlag 53 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Etter at vi fusjonerte med Meland Elektro har vi eit stort fagmiljø på elektro med avdelingar på Frekhaug, Østerbø og Sløvåg. Vi er ein del av Østerbø Gruppa.

Har du lyst til å jobbe i eit framoverlent og spennande selskap? Østerbø Maskin tilbyr ein god og trygg arbeidsplass. Velkommen med på laget!