Ledig stilling: Prosjektingeniør reservekraft

12. juni 2024

Ledig stilling: Prosjektingeniør reservekraft

Vil du bli med oss og gi Noreg sikker strømforsyning?

No har du moglegheita til å bli med på laget til ein av Noregs største og fremste leverandørar på nødstraum og reservekraft. Østerbø leverer generatorløysingar og hybride system frå HIMOINSA.
På grunn av aukande oppdragsmengde og store ordrereservar søk
jer vi ein serviceinnstilt og ansvarleg person til reservekraftteamet vårt i Sløvåg.

Arbeidsoppgåver

Arbeidet er variert og vil fordele seg mellom prosjektering, prosjektleiing og sakshandsaming av løysingar for reservekraft. Herunder, diesel generatorsett, diesel tanksystem, eksos, ventilasjon og lyddemping. Ein viktig del av stillinga er dialog og avklaring av løysingar og  grensesnitt mot kunde.  
Vi har straumaggregat i drift i heile Noreg og søker ein prosjektingeniør med høg tverrfagleg kompetanse og med gode samarbeidsevne som tåler høgt arbeidstempo og likar å oppnå resultat. Vi er eit selskap som verdset kvalitet og miljø.

«Litande løysing» er Østerbø Solutions sitt slagord. Dette jobbar vi kvar dag med å oppnå i det vi gjer og ligg til grunn for alt arbeid vi utfører.

Arbeidsoppgåver vil vere:

  • Prosjektering og leiing av selde prosjekt
  • Sakshandsaming og kundekontakt knytt til dagleg drift
  • Utarbeide dokumentasjonspakkar
  • Oppfylging av prosjekt i felt
  • Kvalitetssikring av leveransen – litande løysingar
Eksos og kapsling

Vi tilbyr

Vi tilbyr deg 100% fast stilling med konkurransedyktig løn.

  • Arbeidsstad Vidsyn, Sløvåg
  • Spennande stilling i ei avdeling i vekst.
  • Gode pensjonsordningar
  • Eit godt arbeidsmiljø, fagleg og sosialt
  • Varierte arbeidsoppgåver

Vi har trua på eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling.

Sørvis med stor Ø
Reservekraft

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan maskinfag, elektro/automasjon/maritim:
    • Ingeniør
    • Teknisk fagskule
    • Erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Du har erfaring frå liknande arbeid
  • Tverrfagleg kompetanse blir vektlagt
  • Førarkort kl B
  • Du beherskar norsk og engelsk flytande, skriftleg og munnleg

Meir informasjon og søknad

For meir informasjon eller spørsmål om stillingane kontaktar du:

Magne Halland

Magne Halland

Leiar reservekraft

Sløvåg

M: +47 48 16 17 08

E: magne@osterbo.no

Ivar Areklett Garmann

Ivar Areklett Garmann

Prosjektansvarleg/salsingeniør

Sløvåg

M: +47 957 55 972

E: ivar@osterbo.no

Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no innan 1. august 2024
Søkjarar vil bli vurdert fortløpande.

Østerbø Solutions AS

Vi har straumaggregat i drift i heile Noreg og per i dag om lag 350 aktive serviceavtalar. Årleg utfører vi 50 montasjar av reservekraftinstallasjonar, og i 2023 omsette vi for over 80 mill. NOK. Reservekraftteamet er tverrfagleg og følgjer kundane heile vegen frå sal via prosjektering, montering og installasjon til service og ettermarknad. Østerbø Solutions leverer straumaggregat i størrelse 6 – 2000 kilowatt.

Østerbø Solutions har i snart 50 år jobba for å vere ein leiande leverandør av sikker straumforsyning og smarte løysingar til kundar innan havbruk, industri og offentleg.

 

Bedrifta har i dag omlag 65 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Vi har avdelingar på Sløvåg, Frekhaug, Mongstad, Østerbø og er ein del av Østerbø Gruppa. Velkommen med på laget!