Vil du bli med oss og gi Noreg litande løysingar?

Vi søkjer serviceinnstilte og ansvarlege lærlingar i Sløvåg og på Frekhaug.

Østerbø Solutions har 65 tilsette, herav  4 lærlingar (snart 6), og omset for ca 200 MNOK i året. Visjonen vår er å vere leiande leverandør av sikker strømforsyning og smarte løysingar til havbruk, industri og det offentlege.

Som lærling hos oss får du:

Ein lærlingplass der ingen dagar er like, du får prøvd mykje og delta i eit tverrfagleg team. Du vil bli ein del av det teamet som jobbar med elektroinstallasjonar innan industri og havbruk.

Elektro østerbø

Arbeidet ditt er variert og vil fordele seg mellom installasjon og serviceoppdrag. 

«Litande løysing» er slagordet vårt. Dette jobbar vi kvar dag med å oppnå i det vi gjer og ligg til grunn for alt arbeid vi utfører.

Kvalifikasjonar

  • Du strekker deg etter «Litande løysingar», arbeider sjølvstendig og nøyaktig, og har god orden
  • Du har bestått VG2 elenergi og ekom
  • Fordel med førarkort (kl B)
  • Du beherskar norsk flytande, skriftleg og munnleg. Det er eit pluss om ein beherskar engelsk i tillegg.
Elektro og automasjon

Vi tilbyr

Vi tilbyr deg allsidig og variert arbeid med trygg veg til fagbrev.

  • Oppmøteplass Sløvåg eller Frekhaug
  • Lærlingordning gjennom PRO Vestland
  • Ein trygg arbeidsplass
  • Eit godt arbeidsmiljø, fagleg og sosialt
  • Varierte arbeidsoppgåver med store og små aggregatleveransar i ulike marknadar

Vi har trua på eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling.

Elektrikar

Kontakt oss

Søknadsfrist: 10. mars, søknader blir vurdert fortløpande

Kent-Lennie Stamnes

Kent-Lennie Stamnes

Prosjektleiar

Sløvåg

M: +47 975 60 423

E: kent-lennie@osterbo.no

Remi Marøy

Remi Marøy

Leiar elektro og automasjon

Frekhaug

M: +47 465 44 676

E: remi@osterbo.no

Om Østerbø Solutions

Østerbø Solutions har snart 50 års erfaring frå mellom anna nasjonale leveransar av reservekraft og rørsystem, og er betydeleg regional aktør på elektro og automasjon. Vi er stolte over å levere litande løysingar til kundar innan akvakultur, industri og det offentlege.

Selskapet har i dag ca 65 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Vi har hovudkontor på Østerbø og avdelingar på Frekhaug, Mongstad og Sløvåg. Velkommen med på laget! 

Kanskje er du også interessert i desse jobbane:

Ingen resultater funnet

Siden du ser etter ble ikke funnet. Prøv å omformulere søket ditt, eller bruk menyen.