Vi søker ein serviceinnstilt og ansvarleg mekanikar til verkstaden på Østerbø. Du skal ta del i bygging av produkt, samt utføre vedlikehald og service.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre mekanisk service og produktvedlikehald både på verkstad og hos kunde
  • Reise ut på monterings- og serviceoppdrag
  • Bygge utviklingsprosjekt – frå prototype til ferdig leveranse

På verkstaden jobbar du både sjølvstendig og som del av eit team med sveisarar, montørar, ingeniørar og elektrikarar. Vi jobbar kvar dag med å levere litande løysingar til kundane våre

Vi tilbyr

  • 100% fast stilling
  • Konkurransedyktig løn
  • Arbeidsstaden blir Østerbø, men noko reising må påreknast
  • Vi har trua på eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling
  • Stillinga inngår i mogleg kommande vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå liknande arbeid
  • Fagbrev innan mekaniske fag (Mangeårig relevant praksis kan vege opp for manglande utdanning)
  • Førarkort kl BE
  • Sertifikat for truck og traverskran er ein fordel
  • Ønskeleg med erfaring og interesse for hydraulikk og pumper
  • Arbeidar sjølvstendig og er god på orden
  • Flytande norsk og engelsk skriftleg og munnleg

Velkommen som søkjar til mekanisk stilling i ei bedrift i vekst og eit område der det skjer mykje spennande for tida.

Meir info og søknad

Kontakt leiar mekanisk Steinar Holen: 48 16 17 23, steinar@osterbo.no for meir informasjon om jobben.

Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no før 30.november 2020.

Om Østerbø Maskin AS

Østerbø Maskin er ein del av Østerbø Gruppa AS. Ein god og trygg arbeidsplass i levande lokalmiljø med andre interessante bedrifter som naboar både i Sløvåg og på Østerbø. Vi er leverandør av litande løysingar innan strømaggregat, utstyr til havbruksnæringa og elektromekanisk produksjon. Bedrifta har i dag omlag 30 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse. Velkommen med på laget!