Ledig stilling: Service- og ettermarknadsansvarleg

28. august 2024

Ledig stilling: Service- og ettermarknadsansvarleg

Vil du bli med oss og gi Noreg sikker strømforsyning?

No har du moglegheita til å bli med på laget til ein av Noregs største og fremste leverandørar på nødstraum og reservekraft. Østerbø leverer generatorløysingar og hybride system frå HIMOINSA.
På grunn av aukande oppdragsmengde og store ordrereservar søkjer vi ein serviceinnstilt og ansvarleg person til reservekraftteamet vårt i Sløvåg.

Arbeidsoppgåver

Stillinga inneber overordna ansvar for aktivitet knytt til service og ettermarknad i avdeling reservekraft. Vi har straumaggregat i drift i heile Noreg og søker ein service- og ettermarknadsansvarleg med høg tverrfagleg kompetanse og med gode samarbeidsevner. Du tåler høgt arbeidstempo og likar å oppnå resultat. Vi er eit selskap som verdset kvalitet og miljø.

Arbeidsoppgåver vil vere:

  • Ansvar for service og ettermarknad på selde produkt:
    • Gjennomføring av serviceavtalar
    • Handtere reklamasjons- og garantiarbeid
    • Handterer fakturering og rapportering
    • Selje og etablere nye serviceavtalar
    • Kundesupport
  • Personalansvar
  • Budsjettansvar
  • Utstrekt kundekontakt
  • Tett dialog med ettermarknadsavdeling hos leverandøren vår
  • Delta i vaktordning
Servicetekniker

«Litande løysing» er Østerbø Solutions sitt slagord. Dette jobbar vi kvar dag med å oppnå i det vi gjer og ligg til grunn for alt arbeid vi utfører.

Sørvis med stor Ø

Vi tilbyr

Vi tilbyr deg 100% fast stilling med konkurransedyktig løn.

  • Arbeidsstad Vidsyn, Sløvåg
  • Spennande stilling i ei avdeling i vekst
  • Gode pensjonsordningar
  • Eit godt arbeidsmiljø, fagleg og sosialt
  • Varierte arbeidsoppgåver

Vi har trua på eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling.

Deler-sørvis med stor ø
Strømaggregat

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan maskinfag, elektro/automasjon/maritim:

    • Ingeniør

    • Teknisk fagskule

    • Erfaring kan kompensere for manglande utdanning

  • Du har erfaring frå liknande arbeid

  • Tverrfagleg kompetanse blir vektlagt

  • Førarkort kl B

Meir informasjon og søknad

For meir informasjon eller spørsmål om stillingane kontaktar du Visere:

Anita Mannes
anita@visere.no

tlf: 917 22 005

Østerbø Solutions AS

Østerbø har i 25 år vore importør av HIMONSA generatorsett. HIMOINSA er eit heileigd dotterselskap av Yanmar Group. HIMOINSA er blant dei fem største aktørane på verdsmarknaden innafor sitt område.
Østerbø har straumaggregat i drift i heile Noreg og per i dag om lag 350 aktive serviceavtalar. Årleg utfører vi 50 montasjar av reservekraftinstallasjonar, og i 2023 omsette vi for over 160 mill. NOK. Reservekraftteamet er tverrfagleg og følgjer kundane heile vegen frå sal via prosjektering, montering og installasjon til service og ettermarknad. Østerbø Solutions leverer straumaggregat i størrelse 6 – 2000 kilowatt.

Østerbø Solutions har i snart 50 år jobba for å vere ein leiande leverandør av sikker straumforsyning og smarte løysingar til kundar innan havbruk, industri og offentleg.

Bedrifta har i dag omlag 65 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Vi har avdelingar på Sløvåg, Frekhaug, Mongstad, Østerbø og er ein del av Østerbø Gruppa. Velkommen med på laget.

Himoinsalogo