Litande reservekraft til Svalbard Globale frøhvelv

7. juli 2020

Litande reservekraft til Svalbard Globale frøhvelv

I permafrosten, 1300 km nord for polarsirkelen, ligg verdas største sikkerheitslager for frø. No har dei fått installert litande løysing for reservekraft frå Østerbø.

Berre litande løysing er godt nok

– Dette er eit heilt spesielt prosjekt. Det er kjekt å vise at vi som «lokal bedrift» har kundar nasjonalt og no er med og sikrar verdiar globalt, seier leiar aggregat Magne Halland.

Åge Østerbø ved strømaggregatet på Svalbard
Åge Østerbø ved strømaggregatet på Svalbard

Teknisk sjef Åge Østerbø utførte installasjonen på Svalbard og kan sjå tilbake på ein flott tur. – Det er jo så klart med ei viss ærefrykt ein går inn i eit slikt oppdrag, å vere med på å sikre det globale frølageret er ikkje akkurat kvardags for oss heller, seier han. Han fortel at dei er vande til kritiske oppdrag med blant anna sjukehus og flyplassar på kundelista, men det er ikkje kvar dag ein handterar slike globale ressursar. – Det er ikkje noko anna enn litande løysing som er godt nok på slike stader, smiler Østerbø.

Global forsikring for framtidig matforsyning

Målet med frøhvelvet er å bevare den store genetiske variasjonen i verdas matplanter. Her blir kassar med frø frå heile kloden langtidslagra i kalde og tørre fjellhallar under optimale forhold.

Kunden til Østerbø på dette prosjektet er Bravida

Sluttkunde: Statsbygg

Himoinsa strømaggregat
60kVA Himoinsa strømaggregat