Martin Lio ny prosjektansvarleg plast i Østerbø

15. desember 2021

Martin Lio ny prosjektansvarleg plast i Østerbø

– Vi er glade for å få ein så dyktig mann med på laget, seier leiar for produksjon og produkt i Østerbø, Steinar Holen. – Dette er eit viktig steg i den vidare satsinga for Østerbø på leveransar til landbaserte oppdrettsanlegg samt PEHD-produkt til både havbruk og industri.

Martin LioMartin Lio er i midten av 20-åra og har fagbrev som industrimekanikar og plastmekanikar. Han kjem frå stilling som arbeidsleiar i BMO og har fleire års erfaring innan bygging av prosessanlegg på landbaserte oppdrettsanlegg. Martin bur i Dalen i Telemark og Østerbø vil no etablere eit kontor der som base, mens mykje av arbeidet hans vil foregå i felt og hos kunde.

– Eg kjenner Østerbø Maskin og området godt etter at eg var med på utbygginga av Osland Settefisk på Sørebø. Derfor var det interessant når dei lyste ut ei stilling som var midt i blinken for meg. Eg er klar for nye utfordringar og det er kjekt å vere med på satsinga på røyrsystem vi ser no, seier Martin Lio.

Satsar vidare på PEHD-røyr og -produkt

Østerbø har siste åra utført mange større leveransar av røyrsystem både på land og til sjøs, blant anna som totalentreprenør på verdas største landbaserte kveiteanlegg i Ortnevik. Dei har rammeavtale på levering av røyrledningar for innsug og strømningskanalar til dei semilukka merdene til Ecomerden. Martin tek til i stillinga 1.1.2022 og skal no jobbe vidare med å få på plass og leie arbeidet med endå fleire leveransar til landbasert oppdrett. Her har Østerbø unik kompetanse gjennom mange år i bransjen.

Østerbø Maskin AS er leverandør av litande løysingar innan utstyr til havbruksnæringa, reservekraft og elektromekanisk produksjon. Bedrifta har i dag 34 tilsette fordelt på Østerbø, Sløvåg og snart Dalen.