Med ein stadig større elektrisk maskinpark trengst det mobile ladestasjonar for å sikre trygg og god lading. Vi tilbyr lett transportable einingar for å sikre at utstyret kan operere utan avbrot på anleggsplassen.
Unngå ladeproblem
For å redusere karbonutslepp og fremje eit reinare miljø kjem det stadig nye krav og moglegheiter innan elektriske maskiner. Ei berekraftig drift av maskinparken treng tilgang på strøm og ladepunkt sjølv «der ingen skulle tru…» for å gjennomføre prosjekt som planlagt.
For å unngå utfordringa mange opplever med å sikre tilstrekkeleg ladestruktur, tilbyr HIMOINSA no mobile og lett transportable ladestasjonar. Dermed sikrar du redusert nedetid og maksimal effektivitet og brukstid. Litande løysing på anlegget.
Lad dei elektriske maskinene dine enkelt og effektivt. Reduser nedetida til utstyret ditt på anlegg og arrangement, og følgjeleg den totale eigarkostnaden (TCO) for maskinflåten din.