Vi byter namn

28. september 2023

Vi byter namn

Østerbø Maskin AS har levert litande løysingar i over 45 år. Utviklinga har vore stor gjennom desse åra og difor byter me no namn til Østerbø Solutions AS. Logoen, folka og lokasjonane er dei same, det er også dei litande løysingane. 

Merkevara består

Det er berre det juridiske namnet som no blir endra for å ha eit namn som speglar kva vi leverer i dag og kor me skal framover. Logoen, løysingane og konseptet Østerbø blir som før. Østerbø er og skal framleis vere ein leiande leverandør av sikker strømforsyning og smarte løysingar til kundar innan havbruk, industri og det offentlege. 

Internasjonal marknad

Sjølv om namnet blir engelsk vil kommunikasjonen vår innanlands framleis vere på norsk. Men vi er i ein internasjonal marknad der både leverandørar, kundar og arbeidskraft frå ulike land gjer at stadig meir av aktiviteten vår er på engelsk. Men me beheld Ø-ane så me har framleis tydeleg forankring lokalt. 

Endringa skjer no i byrjinga av oktober 2023.