Østerbø satsar stort på endå større rør

7. september 2023

Østerbø satsar stort på endå større rør

Frå våren 2024 er Østerbø klare til å sveise 1600mm PE-rør som ein av svært få i Noreg. Då kjem nemleg det siste tilskotet til maskinparken frå Ritmo i Italia hit. 

Tilpassar seg kunden sine behov

– Vi har sett ein auka etterspørsel etter denne dimensjonen i det siste. Vi har bygd solid kompetanse og erfaring på inntil 1200 mm sveis og er no klare for neste steg, seier prosjektansvarleg plast Martin Lio. Med større fleksibilitet og kapasitet på store rørleidningar kan dei no tilby endå betre løysingar til blant anna landbasert oppdrett framover.

Bedriftsbesøk Ritmo
f.v.: Chiara Franceschin (Ritmo), Martin Lio (Østerbø), Erik Lottrup (GPA), Steinar Holen (Østerbø), Andrea Muraro (Ritmo)

Speilsveisemaskin

  • DELTA-D-1600 – Speilsveisemaskin 
  • Diameter: 800-1600 mm
  • Frå Ritmo Italia
  • Hydrauliske klembakker
  • Rullesystem for løft av rør
  • Nytt lyddempa strømaggregat sikrar drift uavhengig av strømtilkobling

HMS og tryggleik

Den nye maskina får utstyr som gjer arbeidskvardagen enklare og tryggare for sveiseoperatøren. Men til dagens 1200 mm maskin har Østerbø spesialutvikla ekstrautstyr til denne for optimal drift.

Hydraulisk sveisetelt
Hydraulisk sveisetelt

Eit hydraulisk samanleggbart sveisetelt gjer at sveiseoperatør kan jobbe tørt og trygt med store rør. Utstyr for løft og handtering av klembakker, høvel eller varmespeil er integrert i teltløysinga. Dette kan lett transporterast på kranbil frå lokasjon til lokasjon. – Vi har eit kontinuerleg arbeid med å forbetre både effektiviteten og arbeidstilhøva til sveisaren. Dette er eit viktig likestillingsarbeid der no maskiner gjer tunge operasjonar som før var manuelle, avsluttar Lio.

Sjå meir om plastsveis og rørkonstruksjonar >

Eksempel konstruksjonar i PE-plast