Østerbø har levert og installert 3×3 Strømaggregat på betongflåtar til havbruk. Leveransen er gjennom Endúr Sjøsterk til Nordlaks.
År
2019
Sluttkunde
Nordlaks
Kapasitet
3×45 kVA, 6×200 kVA
Frå venstre: Arve Søreide – salsleiar aggregat Østerbø Maskin AS, Per Bessesen – produksjonsleiar Endúr Sjøsterk, Frode Johansson – prosjektleiar Endúr Sjøsterk
Strømforsyning til tre flåtar
Leveransen er ni strømaggregat i støydempa kapsling. Kvar flåte har fått installert to store aggregat samt eitt lite til nattdrift. Dyktige fagfolk frå Østerbø har jobba hardt siste vekene før påske for å få alt klart med installasjon og avkastkanalar.
– Sjekk dei nydelege detaljane i metallarbeidet, seier salsleiar aggregat Arve Søreide hos Østerbø Maskin AS, mens han viser oss rundt. – Strømforsyning til havbruk er noko vi likar å jobbe med. Akkurat denne installasjonen er ei løysing som er dimensjonert for det variable forbruket vi ser slike forflåtar har. Meir om slik dimensjonering kan du lese her >>
Det er tre slike betongflåtar som no får strømaggregat frå Østerbø
Stor og viktig jobb
Leveransen frå Østerbø på kvar flåte er 1 x 45 kVA og 2 x 200 kVA strømaggregat frå Himoinsa, samt installasjon av aggregat og avkastkanalar, eksos og diesel ombord i flåtane. Strømaggregata er sett i synk og vekslar saumlaust alt etter strømbehovet til flåten, både mellom aggregata og eventuell landstrøm. – Dette er eit prosjekt med ein verdi på fleire millionar, så det seier seg sjølv at dette er ein viktig jobb for Østerbø. Berre i arbeidstimar passerar vi nok tusen timar. Vi takkar så mykje for tilliten og gratulerer Nordlaks Produkter AS med tre flotte nye flåtar frå Endúr Sjøsterk AS, avsluttar Søreide.
Kontaktperson hos Østerbø
Andre saker du kanskje er interessert i
Landbasert oppdrett: viktig med litande reservekraft
Landbasert oppdrett er i framvekst og større anlegg treng meir straum. Med store verdiar i kara krev næringa stabile løysingar ein kan stole på. Østerbø Maskin AS er med på reisa til næringa og gjer nytte av lang erfaring med leveransar av strømaggregat som...
Reservekraft til øysamfunn og postsmoltanlegg
Denne veka har Østerbø Maskin AS to store installasjonar av reservekraftaggregat på gang. Leveransane består av tre store aggregat på til saman 4000 kVA. Dette tilsvarar forbruket til om lag 500 husstandar. Bulandet og Værlandet får trygg strøm Den eine installasjonen...
Østerbø leverer nødstrømsanlegg til Florø lufthavn
Florø Lufthavn, foto: Kjetil Eggen CC BY-SA 4.0 - Dette er eit topp moderne anlegg med fjernstyring frå tårn og lavsiktsprosedyre, altså forsyner nett og strømaggregat banelysa ved dårleg sikt, seier Åge Østerbø, teknisk leiar hos Østerbø Maskin AS. Sjølve...