Østerbø beitepusser 10 år

14. mai 2019

Østerbø beitepusser 10 år

Det er travle tider på Østerbø no. Våren er på full gang og med det er startskotet gått for den 10-ande sesongen med beitepussarbonansa. – Det er trøkk på salet. Dette er ei maskin det er stor bruk for i landet vårt, seier produktansvarleg Øyvind Rømo hos Østerbø Maskin AS.

I ti år har hundrevis av beitepussarar funne vegen frå vesle Østerbø og ut i heile Noreg. Smale vegar, bratte fjell og storslagen natur hyllar inn eit ikkje heilt ubetydeleg industrieventyr ved enden av Østerbøvatnet.

beitepusser Gjennom ti år har hundrevis av beitepussarar funne vegen frå Østerbø til heile Noreg

Fornøgde kundar i 10 år

– Dette er ei god og stabil maskin og vi får mange gode tilbakemeldingar frå kundane våre, fortel Rømo. – Ein mann uttalte at dette var den beste maskina han hadde kjøpt til denne prisen. Slikt er kjekt å høyre. Men det er no litt forbaska og, ettermarknaden på maskinene er dårleg. Det er lite delesal – dei berre virkar, ler Rømo.

Beitepusser Med tvillingshjul som standard er den stabil i bakkar og kjem til der traktorpussaren må gi tapt. Den knuser busker, kratt, tuer osv med veldig godt resultat.

Ta grep mot attgroing

Rømo viser oss inn på lageret der årets modell står klar til levering. – Dette er ei maskin som trengs i dagens samfunn med nedlegging av gardsbruk og stadig meir attgroing. Det er fasinerande kva den tygg seg gjennom. Den har Y-knivar som er lett å skifte enkeltvis. Med ei arbeidsbreidde på heile 87 cm er den meir effektiv enn dei fleste andre på marknaden, seier Rømo. – Du får rett og slett mykje maskin for pengane. Med tvillingshjul som standard er den stabil i bakkar og kjem til der traktorpussaren må gi tapt. Den knuser busker, kratt, tuer osv med veldig godt resultat.

Beitepusser Østerbø beitepussar klar til dyst

Kjærleik ved første blikk

Gründer Arne Olav Østerbø var på messe i Italia for over ti år sidan og oppdaga denne vidundermaskina som stod litt bortgøymd i ein krok. – Det var nesten så vi kan kalle det kjærleik ved første blikk, fortel han, – denne maskina såg eg potensiale i og fekk etterkvart avtale om import på.

På vegen heimover er det med ny bevisstheit vi ser rundt oss. Vi skjønnar kvifor denne maskina er så populær, for det er faktisk blitt vanskeleg å sjå skogen for berre busker, tuer, kratt og trær.  

Kontakt oss for ein beitepussar-prat

Øyvind Rømo

Øyvind Rømo

Delelageransvarleg Østerbø

Østerbø

M: +47 48 16 17 29

E: oyvind@osterbo.no

Sentralbord

Sentralbord

Østerbø

M: + 47 48 16 17 18

E: om@osterbo.no