Nye plastkrav: Østerbø utvikla eige system for full sporing av sveising 

sep 17, 2026

Nye plastkrav: Østerbø utvikla eige system for full sporing av sveising 

Frå nyttår vart havbruksnæringa pålagd eit strengt produsentansvar for plast. No har Østerbø Solutions utvikla programvara «Weldtrack». Systemet gjev full sporing av alt sveisearbeid på plast, frå start til slutt. 

Det blir skjerpa krav til sporbarheit og produksjon innan plast, det har Østerbø Solutions tatt på alvor og utvikla programvara «Weldtrack» for å løyse nettopp denne utfordringa. Her loggar og godkjenner Østerbø kvar einaste sveis fortløpande. Slik kan ein følgje med på at alt arbeid skjer etter gjeldande standardar og ha oppdatert dokumentasjon på plasten, sveisen og arbeidet. 

Osterbo PE sveisekontroll
«Vi kunne ikkje vente på at andre skulle løyse dette for oss. Dei nye krava er eit faktum, og for oss handlar det om å ta ansvar», seier COO Kathrine Molvik

«Systemet gjev oss fullt innsyn i sanntid. Kvar sveis blir kontrollert og logga fortløpande. Vi kan dermed sjå at kvar einaste sveis oppfyller standarden og dele rapportar med kundane. Dette byggjer stor tillit i prosjekta», seier Kathrine Molvik, operasjonell leiar i Østerbø Solutions. 

Selskapet utvikla systemet sjølv då dei ikkje fann eksisterande løysingar som var gode nok. Lang erfaring frå bransjen vart brukt til å skape eit verktøy som er skreddarsydd for oppgåva.  

«Vi kunne ikkje vente på at andre skulle løyse dette for oss. Dei nye krava er eit faktum, og for oss handlar det om å ta ansvar», forklarer Molvik. «Vi vil levere den kvaliteten og dokumentasjonen som både lova og kundane forventar». 

For kundane betyr dette ein ekstra tryggleik. Dei får ei litande løysing som hjelper dei med å oppfylle lovkrava.

Meir om PE-systemer og kontaktpersonar finn du her