Østerbø Maskin har inngått samarbeidsavtale med Truck Tek AS om sal av Amco Veba Marine kraner i Noreg. Saman har vi kompetanse som tilbyr litande og heilskapleg kranløysing til maritim og marin næring i heile Noreg.
Litande løysing for løft
Leiar for produkt hos Østerbø, Jan Erik Søreide, fortel at desse kranene er ei naturleg utviding av dei litande løysingane dei alt tilbyr. – Ved å no kunne tilby kraner til kundane kompletterer vi den kompetansen og tilbodet vi har hatt innan løfteteknisk kontroll og skreddarsaum av kraner og løfteutstyr. No tilbyr vi ein heil pakke innan løft. Frå kran via tilpassing og skreddarsaum til kontroll, godkjenning og oppfølging i ettertid.
Kraner for arbeidsbåtar, flåter, kai og fiskebåtar
Amco Veba Marine er kjend for kvalitetskraner til maritim næring.
Kontakt oss for ein prat
Jan Erik B. Søreide
Salsansvarleg produkt, Marknadssjef/HMS&KS