Det er travle tider på Østerbø no. Årets leveranse av beitepussarar er komne på tunet, vert sjekka og kvalitetssikra før dei vert sendt ut til kundar i heile landet. – Det er trøkk på salet. Dette er eit produkt det er stor bruk for i landet vårt, seier delelagersjef Øyvind Rømo hos Østerbø Maskin AS.
Fornøgde kundar
– Vi har framleis nokre igjen på lager, men det har vore eit godt innhogg siste månaden. Dette er jo ei god og stabil maskin som vi har selt i snart 10 år og har svært gode erfaringar med. Vi får mange gode tilbakemeldingar frå kundane våre, fortel Rømo.
Ta grep mot attgroing
– Dette er ei maskin som trengs i dagens samfunn med nedlegging av gardsbruk og stadig meir attgroing. Det er fasinerande kva den tygg seg gjennom. Den har Y-knivar som er lett å skifte enkeltvis. Med ei arbeidsbreidde på heile 87 cm er den meir effektiv enn dei fleste andre på marknaden, seier Rømo. Du får mykje maskin for pengane.
Bakke-eksperten
Med tvillingshjul som standard er den stabil i bakkar og kjem til der traktorpussaren må gi tapt. Knuser busker, kratt, tuer osv med veldig godt resultat.
Nettbutikk
I år er det og mogleg å kjøpe i nettbutikken vår: osterbo.no/butikk/
Sjekk ut filmar av beitepusseren i bruk her: