Nye Haraldsplass Diakonale Sykehus er under oppføring i Bergen og får toppmoderne løysing for nødstraum frå Østerbø Maskin AS.
– Nødstraum på helseinstitusjonar stiller strenge krav til responstid, levering, støy og vibrasjon. Her er det avgjerande at alt fungerar som det skal til ei kvar tid.
– Dette er eit stort og viktig prosjekt for oss, seier salsingeniør Magne Halland hos Østerbø Maskin. – Nødstraum på helseinstitusjonar stiller strenge krav til responstid, levering, støy og vibrasjon. Her er det avgjerande at alt fungerar som det skal til ei kvar tid.
Østerbø tek med seg erfaring frå liknande installasjonar blant anna på sjukehus på Voss og i Førde inn i dette prosjektet.
Millionkontrakt
Leveransen er eit Himoinsa aggregat på 1 260 kVA med Mitsubishimotor på over 1 500 hk som kan forsyne sjukehuset med over 24 000 kWh i døgnet. Anlegget leverer straum til sjukehuset på under 15 sekund ved feil på forsyningsnettet.
Ekspertisen til Østerbø er å lage den rette løysinga for kunden og levere den komplette pakken med installasjon og trygg oppfølging i ettertid.
Østerbø leverer komplett anlegg med dieseltank, eksosanlegg, lyddemping og kjølesystem for aggregatet. Prosjektet har ein verdi på fleire millionar kroner og skal stå ferdig første halvdel av 2018.
– Sjølve aggregatet vert produsert hos leverandøren vår Himoinsa som er ein av verdas største produsentar av straumaggregat. Ekspertisen til Østerbø er å lage den rette løysinga for kunden og levere den komplette pakken med installasjon og trygg oppfølging i ettertid, avsluttar Halland.
Kontakt oss for ein aggregat-prat
Magne Halland: magne@osterbo.no Mobil: 941 87 931