– Vi er stolte over å ha sikra oss denne kontrakten. Nødstrøm til sjukehus er noko av det mest prestisjetunge ein kan levere i vår bransje, fortel Magne Halland, leiar for aggregatavdelinga i Østerbø.
4 MW nødstrøm
Vi var i konkurranse med dei største aktørane i bransjen, så å trekke det lengste strået her viser at me har tatt steget inn blant Norges største og fremste leverandørar på nødstrøm og reservekraft.
Kontrakten har ein verdi på 10 mill. kr og omfattar levering av totalt 4MW nødstrøm, fordelt på 3 strømaggregat på 1330 kW kvar. Desse skal erstatte fleire eldre aggregat plassert rundt på sjukehuset. No blir alt samla i eit stort nytt nødstrømsbygg med separate rom, lydfeller og skorstein for kvart aggregat.
– For Østerbø er dette eit viktig referanseprosjekt, det gir oss moglegheit for å vise kompetansen i teamet vårt. Østerbø har dei siste åra bygd seg opp eit solid team med tverrfagleg kompetanse, seier Halland.
Største prosjektet gjennom tidene
– Det er definitivt vårt største prosjekt så langt, seier prosjektleiar Ivar Areklett Garmann. – Dette er ei stor utfordring som eg er stolt av å ha fått moglegheit til å ta. Eg føler meg sikker på at vi landar dette trygt og med litande løysing i alle ledd. Vi er eit godt samansett team, både på prosjektering og utførande i felt.
Ivar har bakgrunn frå DNV GL og er vant med gode kvalitetssystem og HMS-rutinar, ei erfaring han deler med kollegane sine.
– Akkurat no er me i prosjekteringsfasen der me i samråd med sluttbrukar og prosjektleiinga avklarar tekniske løysningar og detaljar. Sjølv om me har levert mange liknande prosjekt tidlegare er det alltid spesielle omsyn å ta, seier han.
Han fortel vidare at for sjølve aggregatbygget er støykrava til ytre miljø ein av tinga som er meir omfattande enn kva som er vanleg. Det skal monterast 1200 m2 støydempande matter (lydbaflar) på inntak og avkast ventilasjonskanal. Det blir og montert spesialtilpassa eksoslyddempar for kvart aggregat. Alt for å tilfredsstille støykrava som er satt. Østerbø skal og levere tre skorsteinssystem, kvar på 14 meter høgd.
– Det som imidlertid gjer anlegget avansert og ekstra fagleg interessant for oss er samspelet mellom desse 3 strømaggregata og alle hovudtavlene med eigne omkoblarar som skal fungere ilag både under normale og uforutsette forhold, avsluttar han.
Avansert og komplekst anlegg
Åge Østerbø, som er ansvarleg for elektro og styringssystem på prosjektet, har brukt mykje tid på å prosjektere kontrollsystemet. Spesifikasjonen set strenge krav til sikkerheita på dette anlegget. Blant anna skal alt vere redundant, det vil i praksis sei at det er dobbelt opp av alt. Blir det feil på ein kommunikasjonskabel er det ein annan som tek over. Sviktar styrestrøm er det ei anna forsyning som tek over.
Aggregata er spesifisert med eit oppsett som vert omtalt som 2+N. Det betyr at alle aggregata går normalt i parallell drift, men om eit fell ut har dei to andre kapasitet til å drive heile anlegget. – Sjukehuset skal få strøm uansett kva som skulle skje, seier Åge.
Vidare fortel han at det skal leverast aggregat med 690V generator. Dette fordi det er lange avstandar på eit sjukehus og då reduserer ein kabeltverrsnitt og tap i kabel med å ha høgarespenning. Han fortel vidare at anlegget har 6 omkoblartavler for automatisk omkobling frå nett til generatordrift. Alle desse kommuniserer med kvarandre og aggregata via fiberkabel. Østerbø skal òg levere eit topp-system, eit såkalla HMI (Human Machine Interface) system. Her skal operatørane få full oversikt og kunne betene anlegget via to 24-toms touch-skjermar. Her har ein full oversikt over alle aggregata, ventilasjon, dieseltankar, omkoblarar og eventuelle alarmar.
Åge rundar entusiastisk av med å sei at det er dette som er skikkelig gøy å jobbe med.
Tidenes år
– 2021 ser veldig lovande og spennande ut for aggregatavdelinga, seier Halland. Vi har teikna fleire store kontraktar på reservekraftprosjekt. Det ser ut som at 2020 blir tidenes beste år for aggregatteamet, og det ligg an til at 2021 vil bli enda betre, avslutter Halland med eit stort smil. Han legg til at dei treng fleire dyktige folk på laget, så det er berre å halde utkikk etter stillingsannonser.
Fakta
Østerbø leverer nødstrømsanlegg:
- 3×1530 kVA Himoinsa strømaggregat
- Styre- og kontrollsystem
- Toppsystem for overvaking og styring
- Meir enn 1200m3 med lyddempingsbaflar
- Komplett dieselsystem
- 3 x 14m skorsteinar
- 5 års service- og vedlikehaldsavtale
Ålesund sjukehus held til på Åse i Ålesund kommune, 9 km øst for Ålesund sentrum. Sykehuset er organisert under helseforetaket Helse Midt-Norge. Helse Sunnmøre HF har ansvaret for spesialisthelsetenesta på Sunnmøre, og dekker primært etterspurnaden etter spesialisthelsetenester for dei omlag 128.000 innbyggjarane i dei 17 Sunnmørskommunane. Føretaket disponerer ressursar på omlag 2,2 milliard kroner. Helseføretaket består av 29 avdelingar og yter tenester både innan psykiatri og somatikk. Kjelde: visitalesund.com