Tett på: Jostein Birkeland

30. oktober 2020

Tett på: Jostein Birkeland

Jostein er utdanna industrimekanikar og jobbar som aggregatmontør i Østerbø Maskin. Me følger han på servicerunde i Sogn og Sunnfjord, der blant anna Førde Sentralsjukehus er på lista.

Mange av aggregat-installasjonane inkluderer serviceavtalar for å sikre kunden trygg drift. Serviceansvarleg i Østerbø Maskin følger opp service og reklamasjon tett. Nød- og reservekraftinstallasjonar er spesielle ved at anlegget i det daglege ikkje er i drift. Det er først når straumbrotet er eit faktum at aggregatet må trø til. Då er det ekstra viktig at ein har utført jamnleg vedlikehald og kontroll for å vere sikker på at alt er klart til drift den dagen det verkeleg gjeld. Østerbø Maskin har i dag faste serviceavtalar for meir enn 100 maskiner, i heile Sør- og Midt-Noreg.

Jostein og bilen

Kort om Jostein

  • Jobb: Aggregatmontør i Østerbø Maskin AS
  • Alder: 31 år
  • Utdanning: industrimekanikar
  • Bustad: Reknes, Masfjorden
  • Gift, to barn
  • Arbeidsstad: Heile Noreg

Fortel om servicejobbane denne veka

Me får vanlegvis ei rute med jobbar som geografisk ligg nær kvarandre slik at me nyttar tida best mogleg. Jobbane denne veka har vore litt ulike sjølv om det sjølvsagt er aggregat eg har jobba med på alle lokasjonar. Eg har vore innom eldresenter, fôrflåte for havbruk og datasenter før eg avslutta på sentralsjukehuset i Førde.
 
 
 

Er det noko skilnad på service på eit aggregat og til dømes ein bil?

Dei fleste av aggregata me leverer er berekna på beredskap. Havbruk er eit unntak, der aggregata i mange tilfelle blir nytta som primær straumforsyning på lokalitetar utan framlagt straum. I Norge er straumforsyninga i utgangspunktet stabil slik at dei fleste nødstrømsaggregat har svært få driftstimar. Det er difor ikkje slitasje som følgje av bruk me oftast ser, men gjerne feil som følgje av at det ikkje vert brukt.

Kva er typiske feil?

Ein gjengangar kan vere startbatteri då dette har ei viss levetid. Men me finn gjerne aggregat som har andre feil med automatikk, dieselsystem for å nemne noko. Det hender også at aggregatet er feil betjent. For eksempel at det ikkje er stilt inn i «Auto» slik at det startar ved straumbrot. Regelmessig test og å vere kjend med utstyret er viktig for å sikre at ein har eit velfungerande anlegg.

 

Korleis sikrar du at alt er kontrollert og aggregatet klar til drift?

Me har sjekkliste som fyllast ut direkte på mobiltelefonen. Der er alt me skal kontrollere beskrive, frå ankomst til sluttest. Den inneheld alt frå kontroll av koblingar og rekkeklemmer til byte av olje og filter og praktiske rutinar. Er det feil som må utbetrast kan me lett dokumentere med tekst og bilete. Når sjekklista er fylt ut og signert er jobben ferdig og rapporten i mailboksen til serviceansvarleg i Sløvåg.

 

Denne veka har du vore både på eldresenter og sjukehus. Er det store skilnadar på dei to jobbane?

Det er det. Både størrelse på strømaggregat og beredskap. Når ein har service på eit strømaggregat må ein sette det ut av drift ein periode medan ein jobbar. For eit sjukehus kan dette vere kritisk, og det er derfor viktig å ha god dialog med lokal leiing og gjere gode risikovurderingar før jobben tek til. Dette blir ikkje like viktig på ein mindre installasjon som eit eldresenter.

Størrelsen på aggregata er og ein forskjell. På sentralsjukehuset i Førde står det to maskiner, kvar på 1400 kVA, mens eit eldresenter typisk har ein størrelse på 200-300 kVA.

 

Kvifor begynte du å jobbe i Østerbø?

Eg har vore tilsett sidan februar i år. Eg syns jobben verka interessant, og det er og bra å kunne arbeide opp tid slik at ein kan ta ut lengre friperiodar utanom helg og ferie.

 

Korleis er det å kombinere reisejobb med familieliv?

 

Det kan vere tøft å reise, men ein har fordelar som ikkje ein har dersom ein arbeider 8-16. Me arbeider normalt sett 12 timers dagar slik at me ofte avsluttar arbeidsveka torsdag. Ved større prosjekt må ein gjerne jobbe lenger, men då vil jo og friperiodane bli lenger.

 

Er det ting du vil trekke fram som er særskilt positivt med jobben?

Ein jobbar stort sett saman med nokon, servicejobbane er gjerne unntaket. I aggregatgruppa vert teamarbeid vektlagt. Sjølv om ein åleine på  oppdrag er hjelpa berre ein telefonsamtale eller melding unna. Samhaldet i gruppa vår er godt, og me som jobbar her har eit ønske om å yte saman. Det gjer at me trivst godt når me er på jobb. Det er også bra at ein prøver å ha ein del arbeid lokalt slik at ein ikkje alltid er på reis. På verkstaden vår i Sløvåg utfører me ein del arbeid som gjer at me har nokre veker med vanleg arbeidstid innimellom.

 

Østerbø Maskin har «Litande løysing» som slagord. Kva betyr det for deg?

Litande løysing er fornøgd kunde, kvalitetsutstyr og tillit til eit produkt som virkar.

 
Kontrollpanel

Kontrollpanel

Nødstrømsaggregat 1260 kVA

Nødstrømsaggregat 1400 kVA

Sjekkliste

Sjekkliste ved service

Aggregatavdelinga og Jostein er alt godt i gang med å fylle opp ordreboka for neste år. Det ser ut som 2021 blir nok eit år der gjengen i Østerbø Maskin kan levere anlegg som bidreg til litande løysingar for dei som treng stole på at dei har straum tilgjengeleg til ei kvar tid.

Strømaggregat frå Østerbø

Østerbø Maskin leverer aggregatløysingar for nødkraft, primærkraft og reservekraft over heile Norge. Slik er vi med på å sikre at kritisk utstyr på viktige installasjonar ikkje vert sett ut av drift ved straumbrot.

For mange vert det stadig viktigare å oppretthalde ei stabil straumforsyning, og det er difor ein jamn etterspørsel etter produkta og tenestene våre. Det gjeld både nye anlegg og oppgradering eller utskifting av eksisterande anlegg.

Østerbø Maskin leverer store og små anlegg til både private og offentlege aktørar. Denne hausten har avdelinga levert mellom anna til vasskraftverk, offentlege nybygg, sjukeheimar, vassbehandlingsanlegg, fengsel og til havbruksnæringa. Aggregatavdelinga jobbar ut frå Sløvåg i Gulen kommune der ein har sal-og prosjekteringsavdeling samt eige verkstad.

Lyst til å jobbe hos oss?

Kontakt oss for ein aggregatprat

Magne Halland

Magne Halland

Leiar aggregat

Sløvåg

M: +47 48 16 17 08

E: magne@osterbo.no

Ivar Areklett Garmann

Ivar Areklett Garmann

Prosjektansvarleg/salsingeniør

Sløvåg

M: +47 957 55 972

E: ivar@osterbo.no

Arve Søreide

Arve Søreide

Salsansvarleg aggregat agentur

Østerbø

M: +47 48 16 17 24

E: arve@osterbo.no