Florø Lufthavn, foto: Kjetil Eggen CC BY-SA 4.0
– Dette er eit topp moderne anlegg med fjernstyring frå tårn og lavsiktsprosedyre, altså forsyner nett og strømaggregat banelysa ved dårleg sikt, seier Åge Østerbø, teknisk leiar hos Østerbø Maskin AS. Sjølve strømaggregatet er eit Himoinsa aggregat på 305 kVA, mens løysinga er skreddarsydd behova til Florø Lufthavn.
– Vi har levert til fleire flyplassar i Avinor-systemet og har no opparbeida oss kunnskap og erfaring på slike leveransar, seier Østerbø.
Her må alt virke til ei kvar tid for å sikre tryggleiken til passasjerar og personell. Med automatisk innfasing er det sikra rask oppstart på aggregat ved straumbrot samt at tilbakeføringa til nett blir avbrotsfri. Du merkar ikkje om det er nett eller aggregat som forsyner med straum – det berre virkar.