Østerbø leverer nok ei litande reservekraft-løysing til storsatsing innan havbruk

4. juni 2020

Østerbø leverer nok ei litande reservekraft-løysing til storsatsing innan havbruk

– Vi er stolte over å få tilliten på byggetrinn 2 ved postsmoltanlegget Tytlandsvik Aqua, fortel Magne Halland leiar for aggregat i Østerbø, det viser at vi har gjort noko rett då vi leverte til byggetrinn 1 i 2019. Avtalen inneheld og opsjon på byggetrinn 3. Alle tre byggetrinn er med leveranse og montasje av reservekraftanlegg på 2×1260 kVA.

Jone Sedberg, teknisk leiar hos Tytlandsvik Aqua fortel at dei har fått god oppfølging frå Østerbø både i byggefase og vidare inn i drift på byggetrinn 1. – Østerbø har vore raskt på plass ved behov for oppfølging og service, det er avgjerande for eit anlegg som vårt. Alt må fungere til ei kvar tid.

Litande løysing

Med avansert og sikkert styringssytem frå DSE kan strømaggregata styrast både frå PC på staden og via pc, mobil og nettbrett frå kor som helst. Slik har kunden alltid kontroll på generatorparken.

Østerbø har her levert totalpakke med Himoinsa strømaggregat, diesel, ventilasjon, eksos, kjøling, igangkøyring og opplæring. Alt klart til bruk. Himoinsa er ein av verdas største produsentar av strømaggregat. Generatorene blir laga etter norske krav og spesifikasjoner.

– Vi har no levert til mange store landbaserte oppdrettsanlegg og har god erfaring med kva næringa treng. Slik kan vi raskt skissere litande løysingar til kundane våre, avsluttar Halland.

Fakta

Østerbø leverer reservekraftanlegg:

  • 2×1260 kVA Himoinsa strømaggregat til byggetrinn 1 i 2019
  • 2×1260 kVA Himoinsa strømaggregat til byggetrinn 2 i 2020
  • Opsjon på 2×1260 kVA Himoinsa strømaggregat til byggetrinn 3 

Tytlandsvik Aqua ligg i Hjelmeland kommune i Rogaland og har i dag 2 hallar i bruk og kapasitet på 3000 tonn storsmolt. (byggetrinn 1)

Byggetrinn 2 Prosjektleiing: Prosjektil AS https://prosjektil.no/  

Total investeringsramme alle byggetrinn: 750 mill. kr. 

Eigarane bak selskapet er Bremnes Seashore AS, Grieg Seafood Rogaland AS og Vesthavbruk AS.
Du kan lese meir på Tytlandsvik Aqua sine nettsider >> https://taqua.no/