Østerbø Maskin AS ISO-sertifisert

sep 14, 2021

Østerbø Maskin AS ISO-sertifisert

– Å få kvalitetssystemet vårt sertifisert i følge NS-EN ISO 9001 gir oss eit synleg bevis på at vi dagleg jobbar med slagordet vårt «litande løysing» i tankane, seier adm. dir. Richard Cornell i Østerbø Maskin AS.

– Her har dei tilsette gjort ein stor innsats for å få sett det daglege kvalitetsarbeidet inn i eit godt system og då er det ekstra kjekt å stå her med det synlege beviset i handa, seier Cornell.

Fordelar med ISO 9001

Gjennom prosessen med å få sertifisering på plass har det vore fokus på kunden sine forventingar. Avklaring av ansvar, oppgåver og forpliktelsar og gjennomgang av intern kommunikasjon, styring og prosessar.

– Vi håpar å få betre effektivitet og lettare sjå kva vi kan forbetre for å levere endå betre produkt og tenester, fortel han. Dessutan kan kundane no vere trygge på at vi alltid leverer «litande løysing».

Kontakt oss >>

Korleis jobbar vi?

I botn for arbeidet vi gjer ligg fire kjerneverdiar  som seier litt om korleis vi jobbar oss i mellom og mot deg som kunde for å kvar dag levere litande løysingar.

Engasjert

Med engasjert meinar vi å «vere på», bry seg

Vi kjem med innspel, viser interesse og er løysingsorienterte

Dette er måten vi arbeider på

Lojal

Med lojal meinar vi at vi er til å stole på og dette gir oss eit tydeleg «VI» meir enn «EG»

Respekt

Med respekt meinar vi måten vi møter andre på

Vi lyttar, viser forståing og er imøtekommande

Gjennomført

Med gjennomført meinar vi at vi er tru mot verdiane våre

Dette syner att i haldningane og handlingane våre

Vi gjer som vi seier, og står for det vi har sagt