Saman skal Østerbø Maskin og Meland Elektro satse på elektroinstallasjon mot private, industri og havbruk f.v. Jonny Atle Marøy og Steinar Holen frå Østerbø Maskin AS, Jarle Fosse, John Henanger, Bente Karin Brakstad og Asle Fløysand frå Meland Elektro.
Partane vart 17.oktober einige om kjøp av 100% av aksjane i Meland Elektro AS. Dette blir dermed eit heileigd dotterselskap av eit Østerbø Maskin AS med store vekstambisjonar.
– Dette er eit naturleg ledd i vekststrategien vår, seier styreleiar Jonny Atle Marøy i Østerbø Maskin AS. Bedrifta som i dag er lokalisert på Østerbø og i Sløvåg har jobba for å styrke seg på elektroinstallasjon den siste tida. Slik er dette oppkjøpet med på å skape eit godt og bærekraftig fagmiljø på elektrosida. – Østerbø har «alltid» drive med elektroinstallasjon og det har nært slektskap til resten av tenestene og produkta vi produserer og leverer som for eksempel strømaggregat. Det er riktig for oss å no sette i verk ei endå større satsing på dette feltet. Meland Elektro består som selskap og namn og vi ynskjer satse vidare på det grunnlaget som er lagt gjennom 40 års drift, seier han.
Om bedriftene
Meland Elektro AS har i dag 18 tilsette og held til på Frekhaug i Meland. Østerbø Maskin AS har 30 tilsette på Østerbø og i Sløvåg. Med Meland Elektro sin spisskompetanse innan elektro og Østerbø sin mangeårige kompetanse innan industri og havbruk har vi trua på at dette blir eit vinnarlag. Alle tilsette beheld jobben og målet er å styrke begge bedriftene saman.
Meir info
Styreleiar Østerbø Maskin AS: Jonny Atle Marøy: jonny@econ-c.no +47 91 64 64 86