Østerbø Maskin kjøper Meland Elektro

okt 18, 2019

Østerbø Maskin kjøper Meland Elektro

Saman skal Østerbø Maskin og Meland Elektro satse på elektroinstallasjon mot private, industri og havbruk f.v. Jonny Atle Marøy og Steinar Holen frå Østerbø Maskin AS, Jarle Fosse, John Henanger, Bente Karin Brakstad og Asle Fløysand frå Meland Elektro.

Partane vart 17.oktober einige om kjøp av 100% av aksjane i Meland Elektro AS. Dette blir dermed eit heileigd dotterselskap av eit Østerbø Maskin AS med store vekstambisjonar.

– Dette er eit naturleg ledd i vekststrategien vår, seier styreleiar Jonny Atle Marøy i Østerbø Maskin AS. Bedrifta som i dag er lokalisert på Østerbø og i Sløvåg har jobba for å styrke seg på elektroinstallasjon den siste tida. Slik er dette oppkjøpet med på å skape eit godt og bærekraftig fagmiljø på elektrosida. – Østerbø har «alltid» drive med elektroinstallasjon og det har nært slektskap til resten av tenestene og produkta vi produserer og leverer som for eksempel strømaggregat. Det er riktig for oss å no sette i verk ei endå større satsing på dette feltet. Meland Elektro består som selskap og namn og vi ynskjer satse vidare på det grunnlaget som er lagt gjennom 40 års drift, seier han.

Om bedriftene

Meland Elektro AS har i dag 18 tilsette og held til på Frekhaug i Meland. Østerbø Maskin AS har 30 tilsette på Østerbø og i Sløvåg. Med Meland Elektro sin spisskompetanse innan elektro og Østerbø sin mangeårige kompetanse innan industri og havbruk har vi trua på at dette blir eit vinnarlag. Alle tilsette beheld jobben og målet er å styrke begge bedriftene saman.

Meir info

Styreleiar Østerbø Maskin AS: Jonny Atle Marøy: jonny@econ-c.no +47 91 64 64 86

Korleis jobbar vi?

I botn for arbeidet vi gjer ligg fire kjerneverdiar  som seier litt om korleis vi jobbar oss i mellom og mot deg som kunde for å kvar dag levere litande løysingar.

Engasjert

Med engasjert meinar vi å «vere på», bry seg

Vi kjem med innspel, viser interesse og er løysingsorienterte

Dette er måten vi arbeider på

Lojal

Med lojal meinar vi at vi er til å stole på og dette gir oss eit tydeleg «VI» meir enn «EG»

Respekt

Med respekt meinar vi måten vi møter andre på

Vi lyttar, viser forståing og er imøtekommande

Gjennomført

Med gjennomført meinar vi at vi er tru mot verdiane våre

Dette syner att i haldningane og handlingane våre

Vi gjer som vi seier, og står for det vi har sagt