Det er travle tider på Østerbø no. Årets leveranse av beitepussarar er komne på tunet, vert sjekka og kvalitetssikra før dei vert sendt ut til kundar i heile landet. – Det er trøkk på salet. Dette er eit produkt det er stor bruk for i landet vårt, seier produktansvarleg Øyvind Rømo hos Østerbø Maskin AS.
Fornøgde kundar i 10 år
– Dette er ei god og stabil maskin som vi har selt i mange år. I år har me faktisk 10-års jubileum for sal av denne og har svært gode erfaringar. Vi får mange gode tilbakemeldingar frå kundane våre, fortel Rømo. No er lageret fylt opp med 2019-modellen og kan leverast fortløpande til kundar i heile landet.
Ta grep mot attgroing
– Dette er ei maskin som trengs i dagens samfunn med nedlegging av gardsbruk og stadig meir attgroing. Det er fasinerande kva den tygg seg gjennom. Den har Y-knivar som er lett å skifte enkeltvis. Med ei arbeidsbreidde på heile 87 cm er den meir effektiv enn dei fleste andre på marknaden, seier Rømo. Du får mykje maskin for pengane.
Bakke-eksperten
Med tvillingshjul som standard er den stabil i bakkar og kjem til der traktorpussaren må gi tapt. Den knuser busker, kratt, tuer, osv med veldig godt resultat.
Kjøp i nettbutikk eller kontakt Øyvind
Kontakt oss for eit godt tilbod

Øyvind Rømo
Delelageransvarleg Østerbø

Helene Skjerlie
Lager- og logistikkmedarbeidar
Kontakt meg om: For tida i permisjon
Østerbø
Viktig avtale for Østerbø på Mongstad
Equinor har tildelt PSW Technology ei treårig kontrakt (9 år opsjon) for vedlikehaldstenester til Mongstad-raffineriet. Verdien på kontrakten er totalt rundt 1,8 milliardar kroner dersom alle opsjonane blir innfridde. Østerbø Maskin er med på laget og leverer 20% av...
Ledig stilling: Industrielektrikar/automatikar
Vi har inngått avtale med PSW Technology om leveranse av vedlikehald innan elektriske og automasjonstjenester opp til 9 år for Equinors raffineri på Mongstad. Er du vår nye drivande dyktige industrielektrikar eller automatikar som vil bli med på dette arbeidet?...
Ledig stilling: industrielektrikar/automatikar
Grunna auka oppdragsmengde søkjer vi 3 nye tilsette til arbeid i Sløvåg Er du vår nye drivande dyktige industrielektrikar eller automatikar?Du er sjølvstendig, ansvarsfull og har eit sterkt ønske om å vere med å utvikle satsinga vår i regionen. Som...