Det er travle tider på Østerbø no. Årets leveranse av beitepussarar er komne på tunet, vert sjekka og kvalitetssikra før dei vert sendt ut til kundar i heile landet. – Det er trøkk på salet. Dette er eit produkt det er stor bruk for i landet vårt, seier produktansvarleg Øyvind Rømo hos Østerbø Maskin AS.
Fornøgde kundar i 10 år
– Dette er ei god og stabil maskin som vi har selt i mange år. I år har me faktisk 10-års jubileum for sal av denne og har svært gode erfaringar. Vi får mange gode tilbakemeldingar frå kundane våre, fortel Rømo. No er lageret fylt opp med 2019-modellen og kan leverast fortløpande til kundar i heile landet.
Ta grep mot attgroing
– Dette er ei maskin som trengs i dagens samfunn med nedlegging av gardsbruk og stadig meir attgroing. Det er fasinerande kva den tygg seg gjennom. Den har Y-knivar som er lett å skifte enkeltvis. Med ei arbeidsbreidde på heile 87 cm er den meir effektiv enn dei fleste andre på marknaden, seier Rømo. Du får mykje maskin for pengane.
Bakke-eksperten
Med tvillingshjul som standard er den stabil i bakkar og kjem til der traktorpussaren må gi tapt. Den knuser busker, kratt, tuer, osv med veldig godt resultat.
Kjøp i nettbutikk eller kontakt Øyvind
Kontakt oss for eit godt tilbod
Helene Skjerlie
Lager- og logistikkmedarbeidar
Østerbø ikkje lenger norsk importør av Hatz
Frå og med 1. januar 2018 avsluttar vi sal av produkt og delar frå Motorenfabrik Hatz GmbH & Co. KG Tidlegare og nye kundar på Hatz må frå denne dagen kontakte ny representant: SwedMotor.se SwedMotor har representert Hatz i Sverige i over 30 år og er ein erfaren...
Aggregatinstallasjon Haraldsplass
Nødstrøm til nye Haraldsplass Diakonale Sykehus er under installasjon Med heftig kraning og god hjelp kom strømaggregat og dieseltank under tak før helga. Sjukehuset opnar hausten 2018 og føyer seg inn i ei rekke sjukehus på Vestlandet som har nødstrøm frå Østerbø....
Strømaggregat til Voss Kommune
Stort oppmøte ved overlevering av strømaggregat til Voss kommune - kjekk dag på jobb. Strømaggregatet er mobilt og skal stå som beredskap for kommunen og sørge for at Voss har drikkevatn uansett straumbrot eller flaum. Vi takkar for tilliten! Strømaggregatet på...