Det er travle tider på Østerbø no. Årets leveranse av beitepussarar er komne på tunet, vert sjekka og kvalitetssikra før dei vert sendt ut til kundar i heile landet. – Det er trøkk på salet. Dette er eit produkt det er stor bruk for i landet vårt, seier produktansvarleg Øyvind Rømo hos Østerbø Maskin AS.
Fornøgde kundar i 10 år
– Dette er ei god og stabil maskin som vi har selt i mange år. I år har me faktisk 10-års jubileum for sal av denne og har svært gode erfaringar. Vi får mange gode tilbakemeldingar frå kundane våre, fortel Rømo. No er lageret fylt opp med 2019-modellen og kan leverast fortløpande til kundar i heile landet.
Ta grep mot attgroing
– Dette er ei maskin som trengs i dagens samfunn med nedlegging av gardsbruk og stadig meir attgroing. Det er fasinerande kva den tygg seg gjennom. Den har Y-knivar som er lett å skifte enkeltvis. Med ei arbeidsbreidde på heile 87 cm er den meir effektiv enn dei fleste andre på marknaden, seier Rømo. Du får mykje maskin for pengane.
Bakke-eksperten
Med tvillingshjul som standard er den stabil i bakkar og kjem til der traktorpussaren må gi tapt. Den knuser busker, kratt, tuer, osv med veldig godt resultat.
Kjøp i nettbutikk eller kontakt Øyvind
Kontakt oss for eit godt tilbod
Helene Skjerlie
Lager- og logistikkmedarbeidar
Reservekraft Nord Trøndelag fylkeskommune
Vi gratulerer Fylkets Hus, Nord-Trøndelag fylkeskommune med Reservekraftaggregat og takkar for oppdraget! Kjekk installasjonsjobb i samarbeid med Caverion Norge Steinkjer og FuglesangDahl. Vi kjem gjerne tilbake for fleire oppdrag i lag med slik ein gjeng!