Reservekraft til øysamfunn og postsmoltanlegg

22. juni 2018

Reservekraft til øysamfunn og postsmoltanlegg

Denne veka har Østerbø Maskin AS to store installasjonar av reservekraftaggregat på gang. Leveransane består av tre store aggregat på til saman 4000 kVA. Dette tilsvarar forbruket til om lag 500 husstandar.

Bulandet og Værlandet får trygg strøm

Strømaggregat

Aggregatrommet på Bulandet

Den eine installasjonen er på Bulandet i Askvoll kommune. Her er det SFE Nett AS som er kunden. Dette aggregatet kan sikre strøm til øysamfunna Bulandet og Værlandet om det skulle skje noko med forbindelsen ut der. I tillegg blir det enklare for SFE Nett å utføre vedlikehald på nettet sidan dei no kan koble ut delar av kundane, mens resten beheld straumen.

Sikrar store verdiar ved postsmoltanlegg

Illustrasjon: Tytlandsvik Aqua

Slik skal anlegget bli, Illustrasjon: Tytlandsvik Aqua

Den andre installasjonen føregår i Tytlandsvik i Hjelmeland kommune i Rogaland hos Tytlandsvik Aqua AS, der er det to aggregat, kvar på 1260 kVA, som skal fungere som reservekraftaggregat til det nye postsmoltanlegget deira som er under bygging. Dette er eit stort nytt anlegg på 7500 kvm og ei investeringsramme på 750 mill. kr. Kvart av dei åtte kara skal romme 1905 kubikkmeter. Meir om dette anlegget kan du lese på ilaks.no. – Vi har levert til mange landbaserte oppdrettsanlegg siste år og fått svært god kompetanse på dette, seier Arve Søreide, salsleiar aggregat hos Østerbø Maskin AS.

Aggregatinstallasjon settefisk

Installasjon pågår i Tytlandsvik

Reservekraft til Forsvarsbygg

Bandak base for redningshelikoptertjenesten

Skisse base for redningshelikoptertjenesten på Bandak. ill: Longva Arkitekter

Dei to neste vekene før ferien startar for fullt skal Østerbø installere to reservekraftaggregat for Forsvarsbygg. Eitt i Levanger og eitt på Banak på nye basen for redningshelikoptertjenesten.

Eit godt år så langt

Arve Søreide

– Det har vore eit godt år så langt, seier Arve Søreide

– Alle desse er eksempel på store og viktige oppdrag for oss. Det har i det heile vore eit godt år med mange store aggregatinstallasjonar så langt, avsluttar Arve. – Vi er med og tryggar strømforsyninga til alt frå sjukehus, flyplassar og rådhus til settefiskanlegg og fôrflåtar.