Vil du bli med oss og gi Noreg sikker strømforsyning?

No har du moglegheita til å bli med på laget til ein av Noregs største og fremste leverandørar på nødstraum og reservekraft. Østerbø leverer generatorløysingar og hybride system frå HIMOINSA.

Arbeidsoppgåver

På grunn av aukande oppdragsmengde og store ordrereservar søkjer vi ein serviceinnstilt og ansvarleg person til reservekraftteamet vårt i Sløvåg.

Arbeidet er variert og vil fordele seg mellom installasjon av reservekraftløysingar og serviceoppdrag. Vi har straumaggregat i drift i heile Noreg og jakter ein montør/serviceteknikar med solid tverrfagleg kompetanse.

Arbeidsoppgåver vil vere:

  • Serviceoppdrag
  • Montasje og oppstart av reservekraftanlegg
  • Dokumentasjon og rapportering
  • Kundekontakt og generell support
Eksos og kapsling

«Litande løysing» er Østerbø Solutions sitt slagord. Dette jobbar vi kvar dag med å oppnå i det vi gjer og ligg til grunn for alt arbeid me utfører.

Vi tilbyr

Vi tilbyr deg 100% fast stilling med konkurransedyktig løn.

  • Oppmøteplass Sløvåg, stor reiseverksemd må påreknast
  • Spennande stilling med varierte arbeidsoppgåver
  • Gode pensjonsordningar
  • Eit godt arbeidsmiljø, fagleg og sosialt
  • Gode betingelsar ved reiseoppdrag
  • Fleksible reise- og friordningar

Vi har trua på eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling.

Lager og logistikk medarbeidar
Servicetekniker

Kvalifikasjonar

  • Me trenger personell med brei og god erfaring i mekaniske og elektriske fag. Tverrfagleg kompetanse og erfaring blir vektlagt og kan kompensere for manglande utdanning.

  • Førarkort kl B (gjerne BE)

  • Du beherskar norsk flytande, skriftleg og munnleg. Det er eit pluss om du beherskar engelsk i tillegg. 

    Meir informasjon og søknad

    Klar til å ta steget?

    Send oss ein kort søknad – eller ta ein uformell prat først. Vi ser fram til å høyre frå deg.

    Send søknad og cv til: linda@osterbo.no, snarast, søkarar blir vurdert fortløpande

    Magne Halland

    Magne Halland

    Leiar reservekraft

    Sløvåg

    M: +47 48 16 17 08

    E: magne@osterbo.no

    Østerbø Solutions AS

    Østerbø Solutions har snart 50 års erfaring frå mellom anna nasjonale leveransar av reservekraft og rørsystem, og er ein betydeleg regional aktør på elektro og automasjon. Vi er stolte over å levere litande løysingar til kundar innan akvakultur, industri og det offentlege.

    Vi har straumaggregat i drift i heile Noreg og per i dag om lag 450 aktive serviceavtalar. Teamet er tverrfagleg og følgjer kundane heile vegen frå sal via prosjektering, montering og installasjon til service og ettermarknad.

     

    Selskapet har i dag ca 65 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Vi har hovudkontor på Østerbø og avdelingar på Frekhaug, Mongstad og Sløvåg. Velkommen med på laget

     

    Himoinsalogo