Bilettekst: Styreleiar Jonny Atle Marøy, påtroppande Adm. dir. Richard Cornell, avtroppande dagleg leiar Steinar Holen i Østerbø Maskin AS
– Vi er svært glade for at vi no får ein ny dyktig og erfaren administrerande direktør. Richard Cornell er den mannen Østerbø treng for å ta steget vidare med våre vekstambisjonar, seier styreleiar Jonny Atle Marøy.
Richard Cornell er i dag regional manager i Veltec AS med base på Mongstad. Han ser med glede på å ta fatt i ny jobb i Østerbø Maskin rundt påsketider 2020. – Eg har stor sans for reisa Østerbø har starta på. Her er dyktige tilsette, ambisjonar og eigarar som ynsjer vidare vekst. No sist med oppkjøp av Meland Elektro. Dette er ein sjanse eg ikkje kunne gå glipp av, seier Richard. Med seg har han solid erfaring innan fagfelta til Østerbø Maskin.
– Vi ser at Richard har akkurat den erfaringa med å bygge opp selskap som vi var på jakt etter. Med han med på laget kan Østerbø levere litande løysingar til endå fleire kundar enn i dag, seier styreleiaren.
Om Østerbø Maskin
Bedrifta med avdelingar på Østerbø og i Sløvåg i Ytre Sogn har i dag omlag 30 tilsette. Dei er leverandør av «litande løysingar» innan strømaggregat, utstyr til havbruksnæringa, elektromekanisk produksjon, elektroinstallasjon og sakkyndig kontroll. Med aggregatleveransar til fleire sjukehus, store landbaserte oppdrettsanlegg og flyplassar å vise til, er dei no eit av vestlandets fremste fagmiljø på strømaggregat. I oktober vart det kjent at dei har kjøpt opp Meland Elektro som del av satsinga innan elektroinstallasjon.