Fredrik Knutssøn ny leiar for elektro

3. januar 2020

Fredrik Knutssøn ny leiar for elektro

– Vi er svært glade for at Fredrik har takka ja til stilling som leiar av elektrosatsinga i bedrifta, seier dagleg leiar Steinar Holen i Østerbø Maskin AS.

Østerbø skal no bygge opp ei meir målretta satsing på elektro og automasjon. Oppkjøpet av Meland Elektro i haust og tilsettinga av Knutssøn er to steg på denne vegen. Han vil vere eit viktig bindeledd mellom selskapa og jobbe med å knyte dei saman og utvikle satsinga på tvers.

Østerbø har som mål å auke vedlikehalds- og internkontrolloppdrag for faste kundar samt oppdrag på privatmarknaden. – Vi skal òg posisjonere oss for å utføre fleire større prosjekt som installasjon for oppdrett, havbruk og industri, og ønsker derfor å auke tal elektromontørar både på Østerbø og Meland no i 2020. Dette blir ei spennande og viktig satsing, seier Holen.

Sjå ledige stillingar >>

Solid erfaring

Fredrik er 34 år og etablert i Ortnevik med kone og barn. Han starta med fagbrev som elektrikar og vidareutdanna seg til elkraftingeniør og elektrokommunikasjonsingeniør. Han har og utdanning innan økonomi og leiing, samt agronomi. Fredrik kjem inn i Østerbø med arbeidserfaring som disiplinleiar på større jobbar for Equinor innan elektro og telekommunikasjon. Han er på plass for fullt i midten av januar, men har alt vore litt i sving. – Eg har blitt teke i mot med opne armar og har i løpet av hausten fått delteke i oppkjøpet av Meland elektro. Slik har eg allereie fått vere med på ei stor hending for selskapet. No ser eg fram til å brette opp armane og gjere mitt ytste for å sette elektro og automasjon tydeleg på kartet i framtida, fortel Knutssøn.