Sikring av utandørs, landbasert oppdrett
Karlok eller tak er ei kostnadseffektiv løysing for å redusere utfordringar med utandørs plassering av slike kar ved landbaserte forskningsstasjonar og -oppdrettsanlegg. Det minimerer etablering av groe og reduserer faren for smitte utanfrå. I tillegg kan ein med lystette karlok styre lystilgongen til fisken for optimale forhold. Skreddarsydd luke på toppen gjer arbeidskvardagen lett både ved drift og vedlikehald i og ved kara.
«Her får vi brukt kjernekompetansen vår» seier teknisk teiknar Jens A. S. Brekke «Problemløysing og skreddarsaum av litande løysingar for oppdrett er noko av det vi er best på. Vi har erfaring, kompetanse, fagfolk og utstyr til å utføre det meste innan fagfeltet. Det er ikkje alltid ein treng bygge alt på nytt. Av og til er det nok å forbetre og utvikle det ein alt har.»
Om Havforskningsinstituttet
Havforskningsinstituttet er det største marine forskningsmiljøet i Noreg. Ved avdelingane i Bergen, Tromsø, Matre, Austevoll og Flødevigen forskar dei på økosystema i Barentshavet, Norskehavet, Nordsjøen og den norske kystsona. Dei har tilsaman over 1000 tilsette. På Matre har dei drive med forskning på oppdrett av laks sidan 1971. Sjå meir: hi.no